Sokneprest i Nordfjord prosti - Berle, Bremanger og Frøya sokn (ytre Bremanger)
Org. nr: - Stillingsident: 4248326533 Presentasjon av stillingen:
Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Nordfjord prosti med sokna Berle, Bremanger og Frøya (ytre Bremanger) som tenestestad.
Nordfjord prosti inneheld fem kommunar: Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og nordre del av Kinn. Bremanger kommune er tidlegare Sogn og Fjordane fylke i miniatyr! På berre nokre timar kan ein få opplevingar som spenner frå storhavet til isbreen. Bremanger kommune har eit mangfaldig kulturliv, kor idrett og dei frivillige organisasjonane står for kulturelle møtestader og sosiale nettverk. Det er stor aktivitet i kor, korps og musikklag, og ein godt utbygd kulturskule. Ny bru og tunellar i seinare tid, har gjeve langt betre kommunikasjonshøve både innan Bremanger, og for nord-sør sambandet mellom Måløy og Florø. For meir informasjon om Nordfjord, sjå www.nordfjord.no.
Som sokneprest i ytre Bremanger får du hovudansvar for dei tre sokna Berle, Bremanger og Frøya. Til kvart av sokna høyrer det ei kyrkje til; Frøya kyrkje i Kalvåg er frå 1865, Bremanger kyrkje er frå 1914, medan Berle kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1977. I tillegg til gudstenester og kyrkjelege handlingar, er det eit godt arbeid for barn i sokna, med felles barnekor, torsdags- og måndagsklubb, samt hobbyklubb. Det er utarbeidd felles konfirmantplan og trusopplæringsplan for alle sokna i Bremanger, og det er dermed ein del felles konfirmantundervisning for kyrkjelydane. Til saman er det ca. 50 konfirmantar årleg. Vidare er det fleire barnehagar og barne- og ungdomsskular i kommunen, og samarbeidet mellom kyrkja og desse er godt. Soknepresten i ytre Bremanger samarbeider tett med den soknepresten som har ansvar for dei fire sokna i indre Bremanger. På denne måten kan ein legge opp til å arbeide i team og utnytte kvarandre sine eigenskapar.
I tillegg til sokneprestane, har staben i kyrkja i Bremanger kyrkjeverje, kontormedarbeidarar, trusopplærar, kyrkjelydspedagog, kyrkjemusikarar, kyrkjetenarar, gravplassarbeidarar og reinhaldar. Det er eige kyrkjekontor i Kalvåg sentrum der soknepresten deler kontorfellesskap med dei tilsette knytt til sokna i ytre Bremanger. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Svelgen, og på rådhuset ligg kyrkjekontoret der resten av dei kyrkjeleg tilsette i Bremanger har kontor.
Prosten leier prestetenesta i prostiet, og jamleg samlast dei 14 prestane i Nordfjord prosti til konvent for fagleg utvikling og kollegafellesskap. Frå hausten 2020 er det tilsett ny prost i Nordfjord.
Den som vert tilsett får tilbod om å disponere prestebustad vakkert plassert i Kalvåg med utsikt over Frøysjøen. Frå bustaden er det kort veg til barnehagar, skule og butikkar.
For meir informasjon om kyrkja i Bremanger, sjå www.kyrkja.no/bremanger.
Målforma for stillinga er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei nyttar begge målformene.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil.
Vi bed om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
- Sete som geistleg representant i Berle, Bremanger og Frøya sokneråd
- Arbeide for å utvikle gudstenesta og jobbe for at gudstenestelivet i sokna skal blomstre
- Ansvar for konfirmantundervisninga i samarbeid med andre tilsette
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol, med praktikum eller tilsvarende
- Master i teologi og praktikum
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
- Du jobbar sjølvstendig, og har gode evner til å samarbeide med stab, sokneråd og frivillige elles.
- Du har forkynnarglede og evner å formidle evangeliet til ulike grupper menneske.
- Du ønskjer å realisere visjonen til kyrkjene i Bremanger om «Å gjere Jesus kjend, trudd, elska og etterfølgt».
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
- Disposisjon av prestebustad etter gjeldande regler for leige av prestebustader
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, 996 25 480
Vidar Bjotveit, Fungerande prost i Nordfjord, 958 80 030
Arbeidssted
Knutsenhuset
6729 Kalvåg
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Den norske kirke
Referansenr.:4248326533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2020