Ferievikar Felleskjøkken og Fellesvaskeri
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar Felleskjøkken og fellesvaskeri
Oppstart
15. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Vi tilbyr spanande sommarjobb! Frå 23.6.25 til 10.8.25 har vi ledige stillingar, inntil 100 %, som ferievikar ved fellesvaskeriet ved Ørstaheimen og som kjøkkenassistent ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen. Tilsetting vert gjort fortløpande.
Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og kva avdeling du ynskjer å jobbe ved; Vartdal helsetun, Hjørundfjordheimen eller Ørstaheimen.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
Som tilsett på vaskeriet må du ha stå-på vilje og tole høgt tempo. Jobben inneheld mykje fysisk arbeid og det kan vere tunge løft og mykje manuelt arbeid. Arbeidstida er på dagtid kvardagar innanfor tidsrommet 07 -16.
Som tilsett på Felleskjøkkenet er oppgåva å lage mat til institusjonen og heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta. Ved felleskjøkkenet treng vi også ferievikar til matbilen som køyrer ut mat til heimebuande.
Kvalifikasjonar
- Til fellesvaskeriet søkjer deg som likar arbeid der du får brukt kroppen din og som er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Til felleskjøkkenet søkjer vi deg som er interessert i matlaging, trivast saman med eldre.
- Beherskar norsk munnleg godt.
- Ynskje om at du har relevant praksis /erfaring
- Førarkort kl. B til matombringingstenesta
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
- Du er engasjert og har godt humør
- Du ynskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til brukerane våre
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Informasjon til søkjaren:
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 476 59 833, silje.solhaug@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4898391237
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 15.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 31.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2821945
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6771bbbeb4954be28eec168861c4d9eb