Laboratoriet Stord - fagansvarleg ingeniør hematologi og koagulasjon
Org. nr: - Stillingsident: 4465950170 Presentasjon av stillingen:
Laboratoriet Stord har ledig fast 100 % stilling som fagansvarleg ingeniør hematologi og koagulasjon frå 01.03.22.
Fagansvarleg ingeniør skal vera ein ressursperson og ha hovduansvar for fagområdet. Stillinga som fagansvarleg ingeniør inneber arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Ved evt intern tilsetjing kan det bli ledig stilling som bioingeniør, det må opplysast i søknad om dette er av interesse.
Laboratoriet Stord er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna, og utfører analysearbeid innan generell kjemi og immunologi og transfusjonsmedisin, i tillegg til døgnkontinuerleg drift, tapping av blodgivarar, blodprøvetaking mm. Det er alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og spennande. Laboratoriet er ein triveleg arbeidsplass med høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø der nye tilsette vert godt ivaretekne.
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodbank
- 3-delt turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg
- Medverke til fleksibel og rasjonell drift av ansvarsområdet, i samsvar med gjeldande prosedyrar og føringar gitt i ISO 15189
- Holde funksjonsleiar, overlege og kvalitetsleiar orientert om fag, drift og kvalitet
- Medvirke til fleksibel, rasjonell og kvalitetsikra drift av ansvarsområdet.
- I samarbeid med fagansvarleg lege ha ansvaret for utprøving og validering/verifisering av nye metodar og utstyr
- Ha ansvar for å utarbeide nødvendige prosedyrar og opplæringsplanar innan fagområdet
- Delta og bidra på kurs, internundervisning og fagmøter
- Ansvar for oppfølging av ekstern kvalitetsvurdering i samarbeid med kvalitetsleiar.
- Å bistå kollegaer.
- Å delta i laboratoriets rutinearbeid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- For å tiltre som fagansvarleg ingeniør må ein ha erfaring frå arbeid innan laboratoriearbeid som inbefattar medisinsk biokjemi
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement
- Evne til å jobbe stukturert og sjølvstendig
- Leiaregenskapar
- Evne til å ta initiativ
- Strukturert, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
- Må ha høg arbeidsmoral og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, 53491094
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4465950170
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2022
Søknadsfrist: 20.02.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.