Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar i det nye tenesteområdet Helse- og omsorg
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarar og helsefagarbeidar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 55-66%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
- 66% fast stilling som sjukepleiar, for tida ved Vågåheimen på natt
- 100% vikariat som sjukepleiar for tida ved Vågåheimen på dag og kveld, 1 år med moglegheit for forlenging/fast tilsetting
- 55% vikariat som helsefagarbeidar, for tida ved Vågåheimen på dag og kveld, førebels ut 2025 men med moglegheit for forlenging.
- 100% fast stilling som sjukepleiar, for tida i Heimetenesta.
- 100% vikariat som sjukepleiar, for tida i Heimetenesta fram til ut mai 2025, med moglegheit for forlenging.
Helgefrekvens for sjukepleiarstillingane er per dags dato kvar 3. helg.
Helgefrekvens for helsefagarbeiderstillinga er per dags dato kvar 3. helg pluss en ekstra helg per 12 uker (cirka 4 på 12 månader).
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Arbeidsoppgåver:-
Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar og helsefagarbeidar
-
Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
-
Samarbeid med pårørande og andre
-
Ansvarsvakt for sjukepleiarar
-
Dokumentasjon
-
Autorisasjon som sjukepleiar / helsefagarbeidar
-
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
-
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
-
God fagleg innsikt og tryggheit
-
For stillingane med tenestestad for tida i Heimetenesta kan søkjarar med anna relevant fagleg bakgrunn enn sjukepleiar bli vurdert.
-
For stillingane med tenestestad for tida i Heimetenesta er det krav om førarkort klasse B.
Eigenskapane dine:
-
Fagleg engasjert
-
Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Kreativ og endringsorientert/-viljug
-
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
-
Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
-
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Fleksibel og lojal
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:-
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
-
Arbeid i tverrfagleg team
-
Kompetanseheving og fagleg utvikling
-
Eit godt fagmiljø og gode, rutinerte kollegaer
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du hva for stillingar du eventuelt søkjer på.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. SøknadSøknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 15.12.2024 Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:Vågåheimen: tenesteleiar Marianne Herlofsen Stadeløkken, tlf. 97029735.
Heimetenesta : tenesteleiar Kitt Heidi Telebond tlf. 90185854.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om bedriften
Vågå kommune skal frå 01.01.25 samle Heimetenesta og Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2804957
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b18bdb36-537c-4bd8-8940-8b06320175b2