Politioverbetjent tenestestadsleiar Austevoll
Org. nr: - Stillingsident: 4375707732 Presentasjon av stillingen:
I Vest politidistrikt ved driftseining Hordaland, er det ledig ei stilling som politioverbetjent SKO 1456 med funksjon som tenestestadsleiar ved tenestestad Austevoll, Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt.
Austevoll er ein tenestestad med open ekspedisjon nokre dagar i veka. Vi har oppgåver innan forvalting, sivil rettspleie, førebyggande arbeid, etterforsking og orden, i tillegg til leiaroppgåver. Vi søker ein leiar som er modig og sjølvstendig, med vilje til å skape gode resultat gjennom god struktur og høg evne til gjennomføring i eit heilskapleg perspektiv. Du må kunne bygge gode relasjonar og ha god personalomsorg, vere motiverande og inkluderande, tett på, og evne å rettleie medarbeidarane.
Arbeidsoppgaver
- Personal-, HMS-, og resultatansvar for eininga
- Ansvar for at administrative og politifaglege oppgåver som ligg til tenestestaden blir utført med høg kvalitet, og i samsvar med gjeldande lovar, reglar og instruksar
- Utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved tenestestad Austevoll
- Vere politikontakt, og utføre aktivt kriminalførebyggande samarbeid med kommune og andre eksterne samarbeidspartnarar
- Vakt og beredskap etter behov
- Etterforskingsarbeid saman med dei andre politiansatte ved behov
- Ansvar for tenesteplanlegging og oppfølging av tenesteplaner, vakt og beredskapsordning. Lokal TTA-ansvarleg ved tenestestaden
- Følge opp sivilrettslege oppgåver pålagt av namsmannen (lensmannen)
- Delta i tenesteeininga si ledergruppe
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjoner
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring
- Brei politifagleg erfaring
- Kjennskap til systematisk HMS arbeid
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Vere IP4-godkjent eller vere kvalifisert og villig til å bli det
- God IT- og systemkompetanse
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk. Språkkunnskapar innan engelsk er ein fordel
- Erfaring innan førebyggande verksemd blir vektlagt
- Erfaring frå tenesteplanlegging ved bruk av verktøyet TTA blir vektlagt
- Erfaring i å handtere media er ein fordel
- Kjennskap til politiets planleggings- og styringsverktøy er ein fordel
Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlige egenskaper
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Sette retning, drive endring, og bidra til god verksemdutvikling i samhandling med andre
- Vere løsningsorientert med evne til å ta avgjerdar og skape resultat i eit heilskapleg perspektiv
- Vere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidare
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og i team
- Initiativrik, lojal og pliktoppfyllande
- Mål- og resultatorientert med evne til kreativ problemløysning
- Vere serviceinnstilt og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Stillinga som politioverbetjent med funksjon som tenestestadsleiar, SKO 1456 , blir lønna frå ltr 71/ 658.300 kr,- til ltr 74/ 694.400 kr ,- brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
Generelt
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Ref.nr: 21/43529
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Dyrdal, Lensmann, 56303900
Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 55556300, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Alfabygget 1
5392 Storebø
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vest politidistrikt
Referansenr.:4375707732
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 10.05.2021