Lyst på ein aktiv og variert sommarjobb i Ørsta? Kvinne i 30-åra søker BPA assistent som kan jobbe i sommar (juli-august), samt være tilkalling ved behov i andre periodar.
Prima Assistanse avdeling Vestland
6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
BPA assistent
Antall stillinger
1
Eg er ei aktiv kvinne med kombinert syns- og høyrselstap i 30-åra som søker etter fleire brukarstyrte personlege assistentar med godt humør, som er allsidige, ikkje redd for å ta i eit tak og likar å vere i fysisk aktivitet.
Arbeidet består i å yte praktisk bistand både i og utanfor heimen. Eg har vore aktiv innanfor dressurriding, og ønsker å satse innan para-idretten. Akkurat no har eg ikkje eigen hest, men bistand til oppgåver i stall, trening og konkurransar kan inngå som ein del av arbeidet.
I tillegg treng eg bistand til husvask/rydding, matlaging, handling, lese-/skrivearbeid og andre praktiske gjeremål. Gjennom sommarferien kan det bli aktuelt med ulike dagsturar og sommaraktiviteter som grilling, bading osv.
Eg held på med masterstudie innanfor synsrehabilitering og synspedagogikk, og skal til å forberede oppstart av masteroppgåve. Personar som meistrar godt norsk, engelsk og er kjent med akademisk lesing/skriving oppmodast til å søke.
Fleire av mine assistentar har uttrykt at det å vere BPA for meg har vore ein svært lærerik jobb som har kome godt med å ha på CV-en ved vidare jobb-søking.
Eg søker no etter tilkallings-assistentar som kan jobbe som i periode 1. juli-5. august. I utgangspunktet mellom kl 11-17. Lengre vakter og kveldsvakter kan forekomme ved behov, og blir lagt ut i Tamigo. Ein byr på vakter ein kan ta.
Tilsetting skjer gjennom Prima Assistanse som er arbeidsgivar for mine BPA-assistentar. Eg bur delvis i Ørsta og delvis i Bergen, og denne stillinga som tilkalling-assistent er knytt til avdelinga i Ørsta, når eg er heime i Ørsta. Arbeidstid og stad kan variere etter behov, og reise kan førekome.
Eg har eigen bil, manuell gir, og det er eit krav at assistentane har B-sertifikat sidan eg ikkje kan køyre sjølv. Om ein har BE-sertifikat og er vant til å køyre med hengar, tel det positivt. Eg har behov for fleire assistentar som kan køyre hestehengar, men eg har også behov for fleire assistentar som er komfortable med lesing, skriving og studiearbeid.
Kvalifikasjonar:• Må ha førarkort for bil (Klasse B eller BE).
Eigenskapar som blir vektlagt er:
• Gode samarbeidsevner
• Vere allsidig og ikkje vere redd for å «ta i et tak».
• Gode observasjonsevner da arbeidet inneheld noko beskriving av omgivnadane og personar vi møter.
• Positiv, engasjert og godt humør.
• Vere stabil og møte til avtalt tid.
• Vere effektiv, men ordentleg.
• Vere fleksibel og tilpassingsdyktig.
Vi vil tilby:• Konkurransedyktig lønn.
• Opplæring vil bli gitt ved tilsetting.
Politiattest må framleggas ved tilsetting.
Er du den rette til å vere BPA hos meg, da håper eg du sender ein søknad.
Kontaktperson:
Når du sender på e-post, merk med følgande i emnefeltet slik at det blir lettare å finne søknaden din: "Søknad BPA 2024 Ørsta"
Send til: bpakarine@outlook.comOm bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2682597
- Hentet fra
vilect
- Referanse
f575e8f9-d229-40be-b8ca-7533ac88e2f2