Sjukepleiar/vernepleiar
Me søkjer:
Sjukepleiar eller vernepleiar i 100% fast stilling på somatisk avdeling ved Ølen omsorgssenter.
Tiltreding snarast, og etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver
Ved somatisk avdeling er du med i eit team som har som mål å skape best moglege dagar for pasientane våre. Dette inneber fagleg god oppfølging av pasient, god pleie og omsorg.
- Samarbeid og oppfølging med pasient, pårørande, lege, fysioterapeut og ergoterapeut.
- Medikamentadministrering.
- Kunne gi og ta imot veiledning.
- Veiledningsansvar til pasientar, studentar, elevar, pårørande og kollegaer.
- Delta i avdelingas kontinuerlige forbetringsarbeid.
- Ansvarsvakt på avdeling.
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar/vernepleiar.
Andre opplysningar
Ølen omsorgssenter er ein institusjon med 2 avdelingar. Somatisk avdeling har 14 langtidsplasser. Me har dyktige fagfolk med stort hjerte som er engasjert i helse og omsorg. Me har eit felles ønske om at dei pasientane som bur hos oss skal ha best moglege dagar og best mogleg livskvalitet.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
Me ønsker deg på laget som har evne til:
- Samarbeid, fleksibilitet, kreativitet og serviceinnstilling.
- Å jobbe målretta og resultatorientert.
- Kunne gi og ta imot veiledning.
- Å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Me kan tilby
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Ølen omsorgssenter er plassert i Ølen. Omsorgssenteret har ansvar for drift av produksjonskjøkken, dagsenter, somatisk langtidsavdeling, korttid/rehabiliteringsavdeling, inkludert palliativ seng med totalt 27 institusjonsplasser. Heimetenesta for heile kommunen delt på indre og ytre sone, indre sone har kontor ved Ølen omsorgssenter og ytresone har kontor ved Vindafjordtunet. Kvar avdeling/ sone vert administrert av kvar sin avdelingssjukepleiar. Sonene har teamsjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Fysio/ergo har og sine kontor/treningssenter på omsorgssenteret. Me som jobbe på Ølen omsorgssenter har fokus på kvalitet på våre tenester og at våre bebuarar/brukarar skal ha brukarmedverknad og leva heile livet.