Helsesekretær/sekretær
Merkantile tjenester somatikk Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. mars
Merkantile tenester i Klinikk for somatikk Stord ivaretek kontorfaglige oppgåver i medisinsk avdeling, kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, rehabiliteringsavdeling og akuttmottak. I tillegg har vi ansvar for henvisningsmottak, skanning, arkiv, sentralbord og resepsjon. Vi har omlag 20 årsverk og er ein viktig støttefunksjon til gode og trygge pasientforløp.
Som ein medarbeider hos oss er du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser difor etter sommarvikarar som har godt humør og kan yte god service!
Du må kunne jobbe i perioden f.o.m veke 25 til og med veke 32. Du må skrive i søknaden kva tid du kan jobbe. Vi føretrekker deg som kan jobbe gjennom heile perioden. Søkarar vert tatt inn til intervju fortløpande.
Du er velkommen til å søke!Arbeidsoppgåver
- Ekspedisjonsarbeid i poliklinikk
- Postesekretær ved sengepostar
- Sentralbord og resepsjonsarbeid
- Skriveteneste
- Oppgåver vert fordelt etter kompetanse hos deg som søker og etter behovet i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Vi søker deg som er utdanna innan helsefag eller som er i ei helsefaglig utdanning
- Har du erfaring frå sjukehus er det ei føremon
Kva ser vi etter hos deg?
Som ferievikar hos oss må du
- Vere fleksibel og kunne utføre fleire ulike oppgåver
- Vere utadvendt og ha godt humør
- Være lærevillig og kunne tilegne deg ny kunnskap
- Kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg
- Være ein god lagspelar som tek i eit ekstra tak
Kvifor skal du velje oss?
- God opplæring i datasystem og i arbeidsoppgåvene du skal utføre
- Ein spennande og utfordrande sommarjobb i eit godt fagmiljø
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø saman med kollega i mange ulike yrkesgrupper
- Ein unik mulighet til å skaffe deg erfaring fra sjukehus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eunike Risnes, Funksjonsleiar - Merkantil tenester, +47 45010444Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4917341136
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 08.08.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Eunike Risnes
Funksjonsleiar - Merkantil tenester
+47 45010444
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2854344
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31c17c7269364b0c8ae9b648f1500c05