Lærar i engelsk ved Ål ungdomsskule
Ingress
Det er ledig stilling for lærar med engelsk i fagkretsen ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2020.
Me søker
Det er ledig 100 % stilling i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021. Fast stilling vil bli vurdert. Deltidsstillingar kan vere aktuelt. Undervisning i engelsk er lagt til stillinga.
Ål ungdomsskule er ein 8-10 skule med ca.190 elevar og eit personale på ca 40. "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø" er satsing på skulen og i Ål kommune. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi som t.d. nettverksprojektor, apple-TV, bluetooth høgtalar med lærarmikrofon.
Sjå www.aal.kommune.no for fleire opplysningar om Ål kommune og Ål ungdomsskule.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar.
Me søkjer lærarar som:
- interesse for arbeid med ungdom i eit inkluderande skulemiljø
- positive haldningar til løysingsorientert og strukturert samarbeid
- ynskje om å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har engasjement for einskildelevar med spesielle behov
Me tilbyr
- arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø
- skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- kommunen har engasjerte og dyktige skuleleiarar
- kompetanseheving
- kommunale lønns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning SPK
- hjelp til bustad
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Politiattesten skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.
Intervju vil bli gjennomført etter kvart fram mot søknadsfristen. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom dette ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen, er den største av kommunane i Hallingdal med litt under 5 000 innbyggjarar og med Bergensbanen og RV 7 som hovudårer. I Ål finn du mellom anna Ål kulturhus med Landsdelscene for dans, og det lokalmedisinske senteret, Hallingdal sjukestugu. Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.