Sunnfjord kulturskule søker distriktsmusikar
Sunnfjord kommune Kulturskulen
Angedalsveien 5, 6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Distriktsmusikar trompet vikariat 100 % stilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. mars
Vi søker etter ein musikar med relevant utdanning og erfaring, med trompet som hovudinstrument.
Sunnfjord kulturskule er ein av dei største i regionen med ca. 500 elevar og 24 tilsette. Skulen fekk nytt, moderne bygg i 2020. Som distriktsmusikar inngår du i gruppa med 8 musikarar på ulike instrument – trekkspel, hardingfele, fiolin, piano, song, fløyte og gitar. Stillinga består av 50% utøvarverksemd og 50% undervisning. I regionen er det tilsett totalt 20 distriktsmusikarar som er viktige samarbeidspartar.
Kulturskulen gir undervisning i kunstfaga teater, musikk og visuell kunst. Kulturskulen har utarbeidd eigen læringsplakat, der målet er at undervisninga og arbeidsmiljøet skal vere kjenneteikna av vår visjon “Oppleve-Skape-Dele". Kulturskulen har hovudbase i eigne lokale i Førde sentrum i tilknyting til kulturhuset Førdehuset. I tillegg har kulturskulen undervisning på fleire andre lokasjonar rundt i kommunen. Kulturskulen samarbeider med ei rekke kulturaktørar i regionen, både profesjonelle og med det frivillige kulturlivet. Les meir om skulen på sunnfjordkulturskule.no
Vi har ledig:
Arbeidsoppgåver:
- 50% musikaroppdrag solo eller i gruppe:
- utvikling av eigne konsertar
- konsertverksemd med tilhøyrande presentasjon
- utøvande verksemd i den kulturelle skulesekken og på omsorgsentra. - 50% undervisning individeuelt eller i gruppe
- dirigere og instruere skulekorps. - Oppfølging av elevar og føresette.
- Delta i det profesjonelle læringsfellesskap på skulen gjennom møter med fagteam, kollegaer og personale.
- Skape gode rammer for konsertar/utstillingar/framsyningar for eleven i samarbeid med kollegaer og på eige initiativ.
- Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Krav til søkar:
- Utøvande studie i musikk på høgskule- eller universitetsnivå, helst med pedagogikk. Realkompetanse kan vurderast.
- Relevant musikarerfaring.
- Relevant pedagogisk undervisnings-/produksjonserfaring.
- Gyldig politiattest av ny dato
- Førarkort klasse B og gjerne disponere bil
- Norsk språknivå tilsvarande B1 (gjeld dersom anna morsmål enn skandinavisk)
Prøvespel med intervju vert i Førde i veke 14 (3.4/4.4).
Innhald:
- Haydn 1. og 2. sats + variert program inntil totalt 25 min
- Pedagogisk del 10 min der du presenterer instrumentet for ei gruppe barn
- Bladspel/prima vista
- Kort intervju
Personlege eigenskapar:
- Kreativ, engasjert og positiv pedagog og musikar
- Evne og vilje til å bygge gode relasjonar med barn, ungdom og vaksne
- God teamdeltakar med evne til å ta ansvar og bidra med initiativ
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig, langsiktig, strukturert og målretta
Vi tilbyr:
- eit sterkt fagmiljø med spanande arbeidsoppgåver med moglegheit for tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
- arbeidsmiljø prega av positivitet og entusiasme
- løn og stillingskode etter gjeldande tariffavtale
- Sunnfjord kommune si pensjons- og velferdsordning
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2865451
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3465439_143447_nn