Kommunalsjef oppvekst og utdanning - Ny stilling
Eidfjord Kommune Sentraladministrasjon
Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef (utdanning, oppvekst)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. november
Om stillinga
Eidfjord kommune har ledig ei interessant og utfordrande stilling som kommunalsjef oppvekst og utdanning som er del av rådmannen si leiargruppa, med rådmann som næraste leiar.
Som kommunalsjef oppvekst og utdanning får du høve til å vera med å påverka vidare utvikling i kommunen. Oppvekst og utdanning har ansvar for grunnskule, barnehage, SFO og vaksenopplæring. Som kommunalsjef vil du ha stor påverknad på vidare organisering av området som har 51 årsverk og ei driftsramme på om lag 45 mill i 2024. Stillinga vil ha ei sentral rolle i rådmannen si leiargruppa, ei leiargruppe som framover skal arbeida for endå betre samhandling og langsiktig planlegging av kommunale tenester.
Eidfjord kommune jobbar aktivt med tidleg og heilskapleg innsats for ein god oppvekst for alle born og unge. Me har gode rammer i skule og barnehage, god bemanning og gode ordningar for kompetanseheving og tilrettelegging. Eidfjord er ein kommune der innbyggjarane får gode tenester og der ein ynskjer gode oppvekstvilkår for born og unge.
Eidfjord kommune har ein skule og ein barnehage som ligg på same område i sentrum av Eidfjord, her finn du andre tilbod som idrettshall, symjebasseng, kulturskule og kommunale tenester innanfor nokre minuttars gåavstand.
Lægreid skule er ein 1-10 skule og Modnen barnehage er ein barnehage med fire avdelingar. Kommunen har elles varm lunsj for elevane kvar dag i skulen, 12 timar gratis SFO for 1-4 klasse og gratis kulturskule med moglegheit for fleire val.
Vaksenopplæringa held til i eigne lokalar på gamleskulen i sentrum.
Arbeidsoppgåver
-
Administrativ og strategisk leiing av området
-
Brukarorientert utvikling av tenester for å møta dagens og framtidas utfordringar
-
Vera ein aktiv bidragsytar til heilskapleg utvikling i kommunen
-
Direkte personalansvar for rektor og styrar samt eit overordna ansvar for å vidareutvikla eit godt arbeidsmiljø for alle medarbeidarar i oppvekst og utdanning
-
Sikre god kvalitet i tenesta ved god kultur for forbetringsprosessar gjennom rapportering, risikovurdering og forbetringstiltak
-
Budsjett og økonomistyring for området
-
Ansvar for å ivareta kommunens rolle som barnehage- og skuleeigar
-
Utarbeida saksframlegg til politisk nivå og oppfylging av politiske avgjerder
-
Delta aktivt i eksterne fora og samarbeidsarenaer
Ynskte kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanningsgrad som bachelor eller master
-
Leiarkompetanse og erfaring frå oppvekst eller utdanningsområde er eit føremon
-
Innsikt og kunnskap om lov og regelverk innanfor relevante fagområde
-
Erfaring og interesse for budsjett, økonomi og langsiktig planlegging
-
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
-
Du er samlande, tydeleg og trygg som leiar og ein god relasjonsbyggjar
-
Du er med til å skapa eit godt arbeidsmiljø og trivsel blant medarbeidarane
-
Du er opptatt av samskaping og å vera ein del av eit lag
-
Du evner å leia og motivera til å nå felles mål
-
Du har evne til å tenkja strategisk og innovativt for å utvikla og forbetra
tenestetilbodet
-
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
-
Ei utfordrande stilling med gode høve for fagleg utvikling
-
Ei viktig og spanande stilling i kommunen
-
Ei av Norges sikraste pensjonsordning; offentleg tenestepensjon
-
Lønn etter avtale
Tilsetjingsvilkår
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Velkomen som søkjar!Offentleg søkjarliste
Etter søknadsfristen vil det verta utarbeidd offentleg søkjarliste som innhald namn, alder og kjønn. Har du bede om å verta unnateke offentlegheit må dette grunngjevast. Viss grunngjevinga ikkje vert teken til fylgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Søknad
-
Søknad med CV sender du på elektronisk skjema
-
Arkivsak nr. 24/3301
Spørsmål
For spørsmål om stillinga kontakt:
Rådmann, Magnus Steigedal, telefonnr.: 93644442
Eivind Gregersen, Organisasjonssjef, telefonnr.: 98488799
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2779677
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b0b85442-35c3-43a6-b28f-614f54346b17