Fagleiar
Vi i psykisk helse og rus har ledig ei 100 prosents stilling som fagleiar.
Fagleiar skal i tett samarbeid med seksjonsleiar vere med på å utvikle fagområda i ein kontinuerleg, dynamisk prosess. Fagleiar har eit særskilt ansvar for sakshandsaming og å sørge for at det vert gjeve teneste i samsvar med vedtak.
Tenesta for psykisk helse og rus er organisert under avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon forebygging (helsestasjon) og seksjon for rehabilitering.
I tenesta gir vi tilbod og oppfølging til personar med vanskar knytte til psykisk helse og rus i alle aldersgrupper, og deira pårørande. Vi samarbeider tett med dei andre helse- og omsorgstenestene.
Det er 12 tilsette i seksjonen, med tverrfagleg kompetanse. Kommunepsykologen er organisert i seksjonen. Vi arbeider både på kontor og ambulerande.
Arbeidsoppgåver
- syte for systematisk oppfølging og utvikling i nær dialog med seksjonsleiar
- vere pådrivar og ha ansvar for gode rutinar og prosedyrar og fremje fagleg utvikling
- fagansvar i seksjonen
- kartlegging og oppfølging til personar med vanskar knytte til psykisk helse og rus
- individuell oppfølging og tilbod i grupper
- samtale og skape gode alliansar med barn, ungdom og vaksne
- foreldrerettleiing og oppfølging av pårørande
- tett samhandling med andre instansar
- koordinere tenester, ansvarsgrupper og administrere individuell plan
- sikre at pasientane får oppfølging i tråd med gjeldande lover og forskrifter
Kvalifikasjonar
- minimum treårig høgare utdanning innan helse- eller sosialfag. (Andre med relevant erfaring og kompetanse kan også søke og bli vurderte.)
- vdareutdanning knytt til psykisk helsearbeid eller annen relevant kompetanse
- erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskeleg
- god relasjonell kompetanse og gode samarbeidsevner
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon
Herøy kommune har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, haldningssterk og handlekraftig.
- Du må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig, men også like å jobbe i team.
- Du må ønske å gjere ein forskjell for barn, ungdom og vaksne som har vanskar knytte til psykisk helse og rus.
- Du har evna til å sjå ressursar hos den enkelte.
- Du har eit meistringsorientert fokus i møte med pasientane, og du er opptatt av å legge til rette for brukarmedverknad.
- Du er tolmodig og trivst med motivasjons- og endringsarbeid.
- Du må være ansvarsbevisst og tole å stå i krevande situasjonar.
- Du er fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenke løysingar, og prioritere i daglege oppgåver.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Vi verdset evna til å skape trivsel, inspirere og bidra til eit trygt og støttande arbeidsmiljø.
- Du må trivst med å jobbe med utviklingsarbeid.
- Du må ha god munnleg og skriftleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagde i stor grad.
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med mogelegheit til å påverke og utvikle tenesta.
- gode moglegheiter til å påverke og utforme eige arbeid
- eit tverrfagleg fagmiljø med stort engasjement
- dagarbeid med fleksitidsordning
- gode ordningar for etter- og vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Silje Ringstad, Seksjonsleiar psykisk helse og rus, +47 90287333Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4775122384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!