Seksjonsleiar
Statens vegvesen
Askedalen 4, 6863 Leikanger, Flyplassvegen, 5705 Voss, Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. februar
Om stillinga
Å ta vare på det vi har er noko av det finaste vi kan gjere for samfunnet og for klima. Viss du ser etter ein jobb kor det skjer mykje, kor du kan bidra til utvikling av samfunnet vi lever og bur i, kor du får mange og ulike utfordringar og kor du kan ha ei fagleg utvikling – ja, da kan dette være akkurat den jobben du er på jakt etter.
Divisjon drift og vedlikehald søkjer etter seksjonsleiar for Vedlikehald Vest 1. Seksjonen ivaretek vedlikehaldskontraktar og vedlikehaldsprosjekt på riks- og Europaveg i vest.
I seksjonen er det ca. 25 medarbeidara fordelte på kontor i Nordfjordeid, Førde, Leikanger, Voss, Odda og Bergen. Kontorstad for seksjonsleiar blir Leikanger, Voss, eller Bergen.
Dine arbeidsoppgåver som seksjonsleiar vil være fagleg leiing, koordinering og utvikling av tilsette og arbeidsoppgåver i seksjonen. Du vil også ha tett samarbeid med andre seksjonar samt bidra inn i avdelinga si leiargruppe.
Kompetansekrav
Vi søkjer deg som har minimum tre års relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, primært innanfor tekniske fag. Vi ønskjer at du har leiarerfaring. Lang og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
Krav om sikkerhetsklarering eller at dette kan givast.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)
Egenskapar vi er ute etter:Statens vegvesen har tre verdiar. Vi skal være profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar av seksjonen er det viktig at du:
- kommuniserer og samhandlar godt, er løysningsorientert og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
- engasjerer medarbeidara og samarbeidspartnara til å tenkje i framtidsscenario og vurdere kva krav dette stiller til våre leveransar
- arbeide målretta for at Statens vegvesen skal være imøtekommande, ha omtanke for omgivelsene og være tilgjengelig
Alle leiarar i Statens vegvesen må være bevisst det ansvaret dei har som rollemodellar og kulturskapar.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknadenFyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. 9518614, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no.
Om bedriften
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Sektor
Offentlig