Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?
Har du eit ekstra engasjement for barn som krev tilrettelagt oppfølging? Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst? Me søkjer ein trygg og ansvarsbevisst person, for eit barn med særskilte behov. Du tek initiativ, er tålmodig, raus og omsorgsfull.
I Hjelmeland barnehage har me ledig fast stilling i 100%, for eit barn (1 år) som treng tett oppfølging.
Stillinga er ledig frå 01.08.2024.
I Hjelmeland kommune er det 4 kommunale barnehagar, Hjelmelandsbarnehagen. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon "Det beste for barnet". Me ynskjer å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Barnehagane sine felles verdiar er "Respekt, Omsorg og Tryggleik".
Hjelmeland barnehage er fordelt på to hus, eit med for tida 3 småbarnsavdelingar, Toddlertoppen, og eit med for tida 2 avdelingar for store barn, Nøtteskogen. Det er kort avstand mellom husa. Dei ligg like i nærleiken av skule og idrettsanlegg, omkransa av flott natur. Noko som me ofte nytter oss av.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- oppfølging av barn med tilrettelegging
- aktiv inkludering på avdelinga
- tett samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga
- tett samarbeid med føresette
- samarbeid med interne og eksterne instansar
Kvalifikasjonar og vilkår
- ønska kvalifikasjonar er bachelornivå, med utdanning som: barnehagelærar, barnevernspedagog, vernepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, og liknande
- personar med fagbrev i barne og ungdomsarbeid eller helsefag kan og søkje
- gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Minimum B2
Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barnet er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kan jobbe strukturert
- er fleksibel, løysnings og utviklingsorientert
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap
- er tålmodig, varm, raus og med godt humør
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein barnehage som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette
- eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod i kommunen
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her