Assisterande rektor
Hjartdal kommune Sauland skule
Saulandsvegen 543, 3692 Sauland
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Er du vår nye assisterande rektor?
Sauland skule søkjer etter ein engasjert og kompetent assisterande rektor til å bli ein del av vårt leiarteam. Me ser etter ein person med sterke leiareigenskapar, pedagogisk innsikt og eit brennande engasjement for elevar si læring og utvikling.
Er du glad i menneske? Ønsker du å være med å utvikle arbeidsplassen din?
Vil du vidareutvikle eit trygt, varmt og godt skule- og læringsmiljø saman med elevane, dei tilsette og føresette? Da håper vi at denne jobben kan freiste!
Sauland skule er ein flott og moderne skule som har om lag 130 elevar frå 1.-10. trinn. På skulen vår er vi opptekne av at elevane lærar og utviklar faglege og sosiale kunnskapar og ferdigheiter i samspel med andre. Vi har fokus på å skape eit trygt og godt læringsmiljø der det er rom for alle. Vi har kort veg til friluftsområde som gir gode moglegheiter for alternative læringsarenaer, uteskule og leik.
Vår visjon er:
“ Vi trivst, vi lærer og har MOT til å gå saman”
Vi har ledig 100% fast stilling som fagleiar/assisterande rektor ved Sauland skule
Dette får du jobbe med
Liker du en variert arbeidskvardag? Da vil du nok trivast hos oss. Her får du en god miks av ulike arbeidsoppgåver. På den eine sida får du jobbe med faglege, økonomiske og administrative oppgåver. På den andre sida får du være med å utvikle skulen i samråd med rektor og leiarteamet på skulen.
Som assisterande rektor vil du, når det er nødvendig, hoppe inn i rektors plass.
Du vil også samarbeide med både kollegaer og eksterne utanfor skulen; PPT, skulehelseteneste, barnevern og andre tenester.
På skulen vil du få ansvar for tilpassa opplæring i samarbeid med dei tilsette, oppfølging av spesialundervisning og intensiv opplæring.
Andre oppgåver du får arbeide med
- Vikarinnkalling og oppfølging
- Medansvar for resurs- og timeplanlegging
- Medansvar for budsjett og økonomi
- Utvikle og følgje opp rutinar og system
- Oppfølging og utvikling av skulemiljøet i samarbeid med leiarteamet ved skulen
- Samarbeid med PPT, Barnevern, skulehelsetenesta og andre samarbeidspartnar
• Støtte rektor i den daglege leiinga av skulen
• Utvikle og følgje opp pedagogiske planar og tiltak
• Delta i personalutvikling og medarbeidarsamtalar
• Bidra til eit godt samarbeid med foreldre og lokalsamfunn
• Ta ansvar for skulen si administrative oppgåver
Me trur dette er deg!
Me trur du har eit engasjement for det du held på med, og ei nysgjerrigheit for kva som skjer i skulen og dei rundt deg. Samtidig som du er god på administrative oppgåver, vil du også motivere og inspirere dine tilsette til å ha ein god dag. Samtidig som du gjerne tek initiativ, og ofte har forslag til løysingar, tek du gjerne imot innspel frå både elevar og kollegaer. Her får du vist vurderingsevna di, serviceinnstilling og fleksibilitet. Som assisterande rektor får du ein del ulike arbeidsoppgåver. I nokre oppgåver er det ein fordel at du er sjølvstendig, medan i andre krev det samarbeid. Ein slik hybrid trivst du godt med, då du er god på både relasjonar og kommunikasjon.
Personlege eigenskapar vi legg stor vekt på
- Du identifiserer utfordringar og følgjer opp tiltak
- Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
- Du taklar høgt tempo, samtidig som du har evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
- Du evner å arbeide godt i prosess og team
- Du er engasjert og motivert
- Du har evne til å inspirere og leie andre
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du er ein god relasjonsbyggar
Dine kvalifikasjonar
- Lærarutdanning og relevant vidareutdanning
- Erfaring frå skuleleiing eller anna pedagogisk leiarstilling
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- God kjennskap til lover og regelverk for grunnskulen
Me er kanskje ein liten skule. Men det er vår fordel! Kom tettare på engasjerte kollegaer og lærelystne elevar i ein kvardag fylt av varierte og spennande arbeidsoppgåver! Å jobbe på Sauland skula skal vere trygt. Her tek me vare på kvarandre. Du får eit tettare samarbeid både i og utanfor skulen. Avgjerdslinjene er kortare, og det er lettare å halda styr og oversikt på alt som går føre seg. I Hjartdal kommune ønskjer me at du skal ha det bra. Du får leiarstøtte, og får vera med i leiargruppa til skulen.
Hold ut litt til! Her er litt ekstra informasjon som er greitt å være klar over:- Prøvetida di er på 6 månader. Du blir godt kjent med oss, og vi blir godt kjent med deg!
- Løn etter avtale
- Kommunen sine forsikrings- og pensjonsordningar
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg!
Men du - husk å ta med en kopi av vitnemål og attester. - Det er krav om politiattest jf. Opplæringslova § 10-9
- Du blir tilsett basert på gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
Spørsmål om stillinga:
Rektor, Anne Gro Solli tlf 414 42 688
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønsker ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843985
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3450067_231637_nn