Radiograf vikariat
Radiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Radiograf vikariat
Oppstart
1. september 2024
Antall stillinger
1
Avdeling for radiologi, seksjon Molde, har ledig eit 100 % vikariat som radiograf i turnus frå 01.09.24 – 31.12.25!
Vi er ein seksjon med 29 radiografar som jobbar i eit spennande, utviklande og triveleg sjukehusmiljø saman med radiologar og kontorpersonell.
Seksjonen er utstyrt med følgjande modaliteter: 3 konvensjonelle rtg, 2 CT, 2 MR , 1 mammo, 2 gjennomlysingsmodaliteter og 2 UL. Vi er eit akuttsjukehus med døgnkontinuerleg drift, som har god og utførleg teamtrening i dei ulike akuttsituasjonane på tvers av sjukehusets faggrupper. Vi utfører eit breidt spekter av undersøkingar, og radiografane rullerer mellom desse.
Vi har god dialog mellom alle profesjonane i avdelinga, og tvers av avdelingane i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Eit heilt nytt og moderne sjukehus er i ferd med å ta form, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), der vi skal flytte inn i februar 2025. Vi ser fram til å bli ein del av eit større sjukehus og eit fagleg miljø med ny, utviklande og framtidsretta teknologi.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Røntgen, gjennomlysning og CT
Kvalifikasjonar
- Bachelor i radiografi
- Norsk autorisasjon som radiograf
Personlege eigenskapar
- Du er ein aktiv bidragsyter i vårt gode tverrfaglege arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og bidreg der det er behov
- Du kan arbeide sjølvstendig men òg i team
- Du er ein arbeidsvillig og ryddig person
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Kompetanseutvikling
Molde by er kjent for sin flotte beliggenhet og vakre natur, men også eit yrande kulturliv. Her er det moglegheiter for alle med sport og friluftsliv, sosialt samvær, kultur og god mat. Byen har flott skiarena med fine løyper og flotte slalomløyper med spektakulært skue utover fjorden og Romsdalsalpane. Her er flotte og kortreiste turmoglegheiter i skog, mark og fjell både sommar og vinter. Her er òg ein stor, moderne klatre/buldrehall for alle aldre, symjehall, bowlinghall, kino, teater og mange gode spisestader for einkvar smak. Byen har eit aktivt sentrum med flotte butikkar og eit nytt flott torg utstyrt med bastu, badebrygge og fine restaurantar. Elles eit rikt kulturliv der du kan delta i ulike kor og korps. Årø flyplass ligg berre 15 min fra sentrum og har lett tilkomst med buss. Du kan lese meir om byen her.
Kontaktinformasjon
Eli Iren Sildnes, Seksjonsleiar, eli.iren.sildnes@helse-mr.noArbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons vegNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4840175290
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 22.08.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2706053
- Sist endret
23. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b8aba99ff4bd4ad9afbeea237e6156fb