Ynskjer du å jobbe med oppfølging av sjukmelde og inkludering?
Org. nr: - Stillingsident: 4403474154 Presentasjon av stillingen:
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til NAV, og har trua på at alle menneske, trass utfordringar, både kan få og behalde ordinært arbeid. Er du ein motiverande, fagleg og aktiv part for menneske med ulike behov? Vil du finne løysingar i samhandling med menneske i ein krevjande situasjon? Trivast du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter.
NAV Vestland er organisert i ni regionar ut i frå bu og arbeidsområde. Kvar av desse er sjølvstendige. NAV region Sunnfjord består av NAV-kontora i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. NAV Sunnfjord har i dag 52 tilsette med ansvar for kommunale og statlege velferdstenester. Ein av våre tilsette skal foreldrepermisjon og vi søkjer difor etter nokon som kan vikariere frå 01.09.2021 til og med 30.09.2022. Vikariatet kan bli forlenga.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og bistand til personar som er sjukmelde og/eller står utanfor arbeidsmarknaden
- Avklare oppfølgingsbehov etter gjeldande lover og reglar
- Saman med den enkelte kartlegge ressursar, kompetanse og sjå etter nye moglegheiter i arbeidsmarknaden
- Samarbeid med ulike instansar både internt og eksternt, ut frå den enkelte og/eller bedriftene sine behov
- Aktivt bruke digitale verktøy, og rettleie i bruk av NAV sine digitale løysingar
NAV er stadig i utvikling og oppgåvene vil kunne variere ut frå behov, både i kontoret og i regionen.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- god munnleg og skrifteleg framstillingsevne. Dersom du har anna morsmål enn norsk må språknivå minimum B2 dokumenterast.
- god digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye arbeidsverktøy
Det er ønskjeleg at du har:
- rettleiingskompetanse; formell kompetanse eller gjennom praksis frå rettleiingsarbeid
- relevant erfaring knytt til å hjelpe arbeidssøkjarar i prosessen mot ny jobb eller til å finne gode løysingar for å behalde arbeid
- erfaring med å jobbe tverrfagleg
- erfaring frå arbeid med personar med samansette livsutfordringar
- god kjennskap til næringslivet, både privat og offentleg sektor
Personlege eigenskaper
Du er ein som:
- skaper gode arbeidsretta brukarmøte
- lyttar, motiverer og tenkjer nytt
- jobbe målretta og systematisk mot arbeid og aktivitet
- trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- arbeider godt både åleine og saman med andre
- er positiv og entusiastisk sjølv i vanskelege situasjonar
- tek ansvar for eiga læring
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Fagmiljø med aktive og engasjerte kollegaer
- Trening i arbeidstida
- Lønn i stillingskode 1434 med lønnsspenn 475.800 til 543 500 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %). Sjå meir om dette på www.nav.no under "NAV" og "Søk jobb i NAV".
Kontaktinformasjon
Bente Senneset Skilbrei, Fungerande avdelingsleiar Teneste til Arbeidsgjevar, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.no
Magne Kjetil Berg, Regionleiar, 99231911, magne.kjetil.berg@nav.no
Arbeidssted
Hafstadvegen 42
6800 Førde
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4403474154
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2021
Sluttdato: 30.09.2022
Søknadsfrist: 01.08.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling