Vil du bli vår nye matros?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5947 Fedje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Fedje - Sævrøy, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Fedjebjørn.Kvifor velje oss?- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid!
- Fleksibel skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat HMOB
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, +47 94195253, viktoria.grannes@fjord1.noArbeidsstad
Fedje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4897860618
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2815181
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7444033a9a4e4d3a9a55e859b2cd7ee1