Avdelingsleiar Bu og habilitering
Omtale av stillinga
Bu-og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som har behov for bistand. Er du oppteken av fagleg utvikling og brenn for habilitering? Har du høg integritet og gjennomføringskraft? Er du ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og ynskjer å vera ein leiar som kan leie i endring? Bu og habilitering søkjer etter avdelingsleiar til ein av bueiningane våre. Stillinga er på dagtid. Bu og habilitering har eit godt arbeidsmiljø, med eit tverrfagleg samarbeid med andre instansar.
Vi søkjer etter ein leiar som kan:
- Leie bueining slik at tenestemottakar får helse- og omsorgstenester av god kvalitet
- Vera ansvarleg for at tenestene er i samsvar med lover, forskrifter og andre sentrale og interne bestemmelsar
- Bidra til utvikling av tenesta
- Drifte avdelinga fagleg og personalmessig innanfor vedtekne rammer
- Koordinere vakter/turnus
- Helsefaglege oppgåver
- Delta i utviklingsarbeid
- Samarbeide med eksterne/interne aktørar
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på bachelor nivå (vernepleiar/sjukepleiar)
- Leiarutdanning og erfaring i frå tilsvarande arbeid. Om ein ikkje har leiarutdanning, skal ein ha god erfaring i frå leiing i liknande stilling.
- God forståing av gjeldande lovverk
- Berherskar norsk munnleg og skriftleg
- Stilling krev politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
Personlege eigenskaper
- Har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjøvstendig, strukturert og målretta
- Har evne til nytenking og initiativtaking
- Er ein god relasjonsbyggar, med fokus på inkludering, dialog og kommunikasjon
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Løn etter lønspolitisk plan i Kvinnherad kommune
- Gratis SFO, ingen eigedomsskatt og makspris på barnehage
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.