Assistent til helgestillingar i rehabiliteringsavdelinga
Om arbeidsstaden
Arbeidsstaden er i rehabiliteringsavdelinga i avdeling for førebygging og rehabilitering på Hagahaugen. Me startar opp igjen avdelinga 14 september om smittesituasjonen i heradet tillet det, med ny giv, inspirerte medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Me har 8 sengar for pasientar i rehabilitering og me planlegg en del nye aktivitetar inn i avdeling. Me samarbeider tett med ergo og fysioterapeutane som er organisert i same bygg og avdeling.
Hagahaugen ligg i flotte omgivnader ca 7 minutt køyring frå Voss sentrum.
Arbeidsoppgåver
Som assistent i avdelinga deltek du i det rehabiliterande arbeidet der me har fokus på funksjons- og meistringsevne slik at pasientane kan gjenvinne funksjon og vere aktive i daglegliv, arbeidsliv og samfunnsliv. Pasienten står sentralt i eigen rehabiliteringsprosess. I tillegg vil du måtte utføra vanlege assistentoppgåver som stell, pleie, kjøkkenoppgåver, skylleromsarbeid og anna.
Me søkjer
Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.
Gjerne interesse og erfaring frå rehabilitering, du er kanskje i eit helsefagleg studieforløp?
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Personlege eigenskapar
Du er initiativsrik
Arbeidar godt både sjølvstendig og i team
Tar rettleiing og ønskar å bidra i vårt gode arbeidsmiljø
Du ønskar å jobbe med eldre og likar og omgås og kommunisere med forskjellige typar menneske.
Du har engasjement for fagfeltet / pasientgruppa.
Me tilbyr
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.