Rektorer i Bygland skulen
Har du lyst å bli med og forme skular som verkeleg blir satsa på? Ønskjer du ein leiarjobb som rektor i skule og SFO, i så fall har du sjansen no!
Som følgje av omorganisering av oppvekstsektoren i Bygland kommune, etablerer vi no oppvekst med ein kommunalsjef, to rektorar og to barnehagestyrarar, difor vil vi no tilsette to rektorar.I Bygland har vi to skular/SFO. Byglandsskulane har stort fokus på utandørs læring og aktivitetar; her blir både fjord og fjell nytta fullt ut. Andre stikkord er høg kompetanse på dysleksi, lesing, skriving og ikkje minst inkluderande undervising er også høgt prioritert. Dei tilsette arbeider stort sett i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Bygland skule (1. – 10. klasse) har nesten 80 elevar, og Byglandsfjord skule (1. – 7. klasse) har over 50 elevar. Ved begge skulane er det moderne fasilitetar med storbrukshall.
Det overordna målet vårt er at både elevane og dei tilsette skal ha meiningsfulle dagar, der kvar enkelt er ein viktig del av fellesskapet. Byglandsskulane har eit godt arbeidsmiljø, og no kan du bli med på dette laget.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Høve til å vere tett på den einskilde elev og til å gjere ein stor forskjell og høve til å vere med på spennande pedagogisk utviklingsarbeid
- Eit godt og inkluderandre arbeidsmiljø.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lederløn
For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Vidareutvikla eit trygt, varmt og inkluderande læringsmiljø.
- Lede og vidareutvikla profesjonsfellesskapet til skulen
- Lede det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med LK20 slik at det bidreg til å auka læringsutbyttet for kvar enkelt elev
- Forvalte dei totale ressursane i skulen på ein måte som sikrar god elevtilpasset undervisningSikre god elevmedverknad, og dessutan eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- Lede og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane
- Sikre god økonomistyring og dessutan etablera gode rutinar og system
- Utøve tillitsbasert leiing og sikre involvering, deling og samarbeid
- Inngår i leiarteamet til kommunalsjef oppvekst
Kvalifikasjoner
- Relevant pedagogisk utdanning
- Mastergrad i skuleleiing eller anna relevant leiarutdanning er ønskjeleg.
- Relevant skuleleiarerfaring og helst rektorerfaring
- Erfaring med kvalitetsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlige egenskaper
- Sjølvstendig og trygg
- Fleksibel og romsleg
- Ryddig og strukturert
- Samlande og samarbeidsviljug
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode kommunikative ferdigheiter
- Digital kompetanse og nysgjerrigheit
Kontaktinformasjon
John Salve Sigridnes, Kommunedirektør, 990 94 663Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4784017320
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.