Me treng ny koordinator for våre reinhaldarar
Klepp kommune si miljøserviceavdeling har ledig ei fast 100 % stilling som koordinator for reinhaldarar.
Stillinga inngår i eit team med to andre koordinatorar og rapporterer til reinhaldsleiar. 42 reinhaldarar sikrar kvar dag fornøgde brukarar. Koordinatoren er ein viktig teamleiar og skal bidra til utviklinga av reinhaldstenesta.
Me arbeidar etter innemiljøstandarden og utfører reinhald med minimal bruk av kjemikaliar. For å sikre lik kvalitet på reingjeringa og variasjon i arbeidsoppgåvene til den enkelte tilsette, har vi innført et rulleringssystem. Ingen har fast arbeidsstad, det vert rullert mellom dei ulike kommunale bygga.
Arbeidstida er frå 0600 - 1330 og fylgjer ikkje skuleruta.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. strafferegisterlovar. Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Arbeidsoppgåver
- følgje opp reinhaldarar i daglege gjeremål
- vera tilstades for reinhaldare i deira bygg
- opplæring av nytilsette og vikarar
- ha fokus på, og interesse for, nye metodar og reingjeringsmaskinar
- utarbeida rulleringsplanar og planar for dagleg reinhald
- planleggja og gjennomføra gruppesamlingar med reinhaldarane
- vera kontaktpunkt mellom rektorar/styrarar og reinhaldarar
- følgja opp i forhold til bestillingar og varemottak
- samarbeida med, og avlasta, dei andre koordinatorane
- reinhald
Krav til kompetanse
- fagbrev innan reinhaldsopertørfaget. Lang relevant erfaring kan kompensera for manglande fagbrev, men då må ein forplikta seg til å ta fagbrev kort tid etter tilsetting.
- har førarkort og kan disponera eigen bil
- gode IT-kunnskapar
- dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivå tilsvarande B1
Personlege eigenskapar
- du har interesse for og ønskje om konstant læring og utvikling
- open og driftig i møte med menneske og oppgåver
- relasjonsorientert evne til å skapa godt samarbeid
- trygg og tydeleg
- god orden og ryddighet
- evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
- vera fleksible og samarbeidsvillig
Tidlegare leiarerfaring, koordinatorerfaring og personlege eigenskapar vert vektlagd.
Stillingsnummer: 20/581
Om bedriften
Me er 43 personar i reinhaldsavdelinga, der kommunikasjon og samhandling vert vektlagt.
Arbeidslivet endrer seg raskt og krav til kompetanse blant arbeidstakarane auker. I dei seinare åra har me gjennomført ei rekkje kurs - og kompetansehevande tiltak i avdelinga, der målet er å visa at jobben vår er mykje meir enn å berre fjerna smuss. Me vil fortsetja utviklinga med kurs og kompetanseauke for å vera i stand til å meistra framtidas utfordringar.
For å sikra lik kvalitet på reingjeringa og variasjon i arbeidsoppgåvene for den einskilde tilsette, har me innført rulleringssystem. Ingen har fast arbeidsstad, men rullerer mellom dei einskilde kommunale bygga.
Organisering, teamarbeid og kursverksem kreva at søkjar har gode norskkunnskapar. Erfaring og kunnskap i bruk av data, dataprogram og smarttelefon er ønskjeleg.