Butiltak psykisk helse har ledig stilling som
Sunnfjord kommune Butiltak psykisk helse
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. desember
Ønsker du å jobbe i lag med flotte kollegaer i eit fagleg godt miljø?
Eininga Butiltak psykisk helse gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Her er 2 avdelingar: Førde og Vassenden. Stillinga som er utlyst er ved avdelinga i Førde, men ein må pårekne å hjelpe til enkelte vakter på Vassenden dersom naudsynte behov.
Avdelinga i Førde har 25 brukarar og 30 tilsette + vikarar. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane bur i omsorgsbustad. Nokre bur i bustader rundt om i Førde.
Avdeling Vassenden har pr. i dag 4/5 brukarar og 8 tilsette + vikarar. Avdelinga har tilhald på eigen del av Vassenden omsorgssenter.
Vi har ledig:
Vi tilbyr langvakter (frivillig) i kombinasjon med vanlege vakter, og pr.dag kvilande nattevakt. Stillinga er pr idag med arbeid kvar 3.helg (ei heil og ei halv helg).
Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege rammer. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og vareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga. Primærkontaktarbeid og koordinator for enkeltbrukarar ligg også til stillinga. Dette betyr også samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande.
Vidare må ein følgje opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
Rettleiing av studentar inngår også i arbeidsoppgåvene.
Menn vert oppmoda om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Krav til søkar:Vi søker primært etter deg med bachelor i helse-og sosialfag.( Sjukepleiar, vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog). Andre med relevant 3-årig høgskuleutdanning kan også søke.
- ha evne til kontaktskaping og relasjonsbygging
- ha evne til å arbeide sjølvstendig, kunne ta initiativ og ansvar
- ha gode samarbeidsevner
- kunne arbeide tverrfagleg og i team
- ha god datakunnskap
- bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vektast høgt.
Vi vil prioritere søkarar med:- erfaring/ vidareutdanning frå psykisk helsearbeid eller liknande
- evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
- likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- engasjerte kollegaer og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
- god opplæring
- langvakter
- løn etter gjeldande avtaleverk
- relevant vidareutdanning vil gi kompetansetillegg
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2791430
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3428143_191745_nn