Ferievikarar
Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2019 i PU-tenesta. Eininga bistår brukarar i heile kommunen, men dei fleste brukarane bur på Dalsøyra. Søkjarane må skrive i søknaden om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar, eller om dei har andre begrensingar
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for- og bidra i brukarane sine daglege gjeremål og fritidsakvititetar
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med søkjarar som har utdanning innen pleie og omsorg, sosialfag eller pedagogikk, men andre kan også søkje.
- Det er ynskjeleg at søkjarane har førarkort klasse B.
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Bjørg Haugland, Tlf: 57781661, Epost: bjorg.johanne.haugland@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!