Heimehjelp - 40 % fast stilling
Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Stillingstittel
Heimehjelp - 40 % fast stilling
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vang kommune har ledig 40 % fast stilling som heimehjelp frå 1. januar 2025 for ein engasjert medarbeidar som har evne til å gje omsorg og tryggleik. Stillinga innehar dagarbeidstid utan helgearbeid.
Arbeidsoppgåver
- Yte hjelp til daglege, praktiske gjeremål i heimen til brukar i tilknytning til hushalding
- Vanleg reinhald
- Innkjøp/ handling av daglegvare
- Klesvask/ sengeskift
- Oppvask
- Personleg stell/ enkle pleieoppdrag i samarbeid med heimesjukepleia
- Gje praktisk opplæring til brukar i dagliglivets gjeremål
Kvalifikasjonar
- Kunnskap og erfaring frå arbeidsområde.
- Førarkort kl. B
- Disponere eigen bil i arbeidet (blir kompensert økonomisk)
- Gode norskkunnskapar
- Kunne bruke data som arbeidsverktøy
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimetenesta, 908 96 012, stine.solemsli@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 4865855866
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 31.10.2024
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2758742
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa101655fba74a629ae886996cd6ca40