Overlege
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Overlege
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. september
Klinikk for sikkerheitspsykaitri er samansett av 5 seksjonar, Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits,- fengsels- og rettspsykiatri.
Lokal sikkerheitsavdeling har i dag 8 sengeplassar og tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og stor risiko for alvorleg valdeleg åtferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. Det er nyleg oppretta ein sikkerheitspsykiatrisk poliklinikk som også skal ha eit dagtilbod og yte ambulante tenester. Dette gjer eit utvida og meir heilskapleg tenestetilbod til pasientar underlagd dom til tvungen psykiske helsevern, og andre pasientar under tvungen psykisk helsevern som utgjer fare for andre. Det vil sikre eit meir differensiert pasientforløp for denne pasientgruppa. Oppretting av dagavdelingstilbod og ambulante tenester vil vere med på å styrkje rehabiliteringsarbeidet, og sikre ei trygg tilbakeføring av den enkelte pasient til sin heimkommune. Dette vil betre pasientbehandlinga og sikre samfunnsvernet. Utvikling av det ambulante tenestetilbodet skal skje i samarbeide med kommunane. Det skal etablerast felles ansvarsgrupper, rettleiing i enkeltsaker, og undervisning i valdsrisiko og samfunnsvern.
Vi søker etter to overlegar, ein til poliklinikk og ein til sengepost, som ønsker å ta del i å bygge opp nye gode tenestetilbod for sikkerheitspasientar.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar
- Ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova
- Gjere utgreiing av risiko for vald
- Gje rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
- Utstrakt samarbeid med dei andre Klinikkane i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
- Undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og øvrig spesialisthelseteneste
- Arbeidsoppgåver tilknytta rettspsykiatriske døgnobservasjonar må påreknast
- Det kan bli aktuelt å påta seg utgreiings- og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i Klinikken
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen med spesialitet innan psykiatri eller lege i sluttfasen av spesialistutdanning
- Norsk autorisasjon
- Interesse for fagutvikling
- Interesse for rehabilitering og rettspsykiatriske emne
- Norsk autorisasjon
- God formidlingsevne
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Inkluderande samarbeidsstil
- Evne til å inspirere medarbeidarar
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kan trivast med å arbeide i team med ei krevjande pasientgruppe
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gjev gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Frøydis Haugan, Klinikkdirektør, 908 25 279Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4848923985
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Frøydis Haugan
Klinikkdirektør
908 25 279
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2723239
- Sist endret
5. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6bdce0310902485aa10e4959be6e5725