Ferievikar helse og omsorg
Vanylven helse og omsorg inviterer DEG til å søkje som ferievikar! Vi kan tilby inntil 100% stilling mellom
veke 25-33, frå 17. Juni - 18. August.
Kunne du tenkje deg ein meiningsfull sommerjobb i eit trivelig arbeidsmiljø med moglegheit for erfaringslæring og utvikling? Då må du søkje som ferievikar hos oss!
Helse og omsorg består av:
- Vanylven helse og omsorgsenter Avd2 med skjerma eining 2E
- Vanylven Helse og omsorgssenter Avd3
- Heimebasert omsorg, med base på omsorgssenteret og ved Syvdetun.
- Bu og avlastning- herunder Utsikten og Djuvika.
- Bu og avlastning- Avlastninga
- Institusjonskjøkken
- Dagaktivitetstilbod
Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus, der arbeidstid blir snittberekna på turnus perioden. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Skriv kva arbeidstad du kunne tenkje deg å jobbe. Du må også informere om du kan arbeide heile perioden eller eventuelt kva periode du er tilgjengeleg. Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med den enkelte avdelingsleiar.
Behov
Vi ser etter kokk, kjøkkenassistent, reinhaldarar, aktivitørar,pleieassistent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sjukepleiar, vernepleier, andre med sosialfagleg utdanning
og studentar.
Ufaglært og ungdom født 2008 eller tidlegare, med interesse for
å arbeide innan områda vert også oppmoda om å søkje.
For å arbeide i heimetenesta må du ha førerkort klasse B.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Stå på vilje og positiv haldning
- Har interesse for å arbeide med menneske
- Likar å arbeide i team
- Er løysningsfokusert og evnar å lære nytt
- Kan bruke IKT som arbeidsverktøy
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Studentar som tar høgare utdanning (Høgskule/Universitet) blir lønna etter fagarbeidarstigen
Kontaktinformasjon
Hanne Fiskaa Øren, kjøkkenleiar, 99338607, hanne.fiskaa.oren@vanylven.kommune.noSunniva Rye, avdelingsleiar Utsikten og Djuvika, 47392110, sunniva.rye@vanylven.kommune.no
Anne May Sætrevik, avdelingsleiar avlastninga , 95843148, anne.may.tjervag.saetrevik@vanylven.kommune.no
Karoline Lundås, avdelingsleiar for heimebasert omsorg, 90870942, karoline.lundas@vanylven.kommune.no
Rose-Mari Thunem Nygård, avdelingsleiar avd. 3, 70030231, rose-mari.thunem.nygaard@vanylven.kommune.no
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd2, 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4752901985
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.04.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!