Ferie-/sommarvikarar pleie og omsorg 2023
Bygland kommune har behov for ferievikarar til eining for Pleie og Omsorg sommaren 2023. Kjerneperioden er 19.6.23 - 13.8.23, men det vil vere mogleg å starte tidlegare for nokon, samt arbeide lenger for andre. Stillingsstorleiken vil vere varierande ut frå våre behov, men for dei aller fleste vil den ligge mellom 60-100 %.
Vi søkjer flinke og pliktoppfyllande sommarvikarar til Byglandsheimen (sjukeheim), open omsorg (heimebaserte tenestar)/habilitering, samt innan kjøkken og heimehjelp (praktisk bistand).
Alle over 17 år med interesse for fagfeltet kan søkje.
Søkjarar til open omsorg (heimebaserte tenester) må ha førarkort klasse B.
Søkjarar til heimehjelp må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Det er viktig at du i søknaden oppgjev kva for periode du kan arbeide. Dei som kan jobbe heile sommarperioden vil bli prioritert.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:
- Open omsorg / habilitering: Avdelingsleiar Kristina Ose på e-post: kristina.ose@bygland.kommune.no
- Byglandsheimen: Fagsjukepleiar Marthe Homme på e-post: marthe.homme@bygland.kommune.no
Sjuke-/vernepleiar-/legestudentar som er ferdige med studiane tidlegare enn kjerneperioden bes om å ta direkte kontakt med oss.
Arbeidsoppgåver
- Turnusarbeid for stillinger i pleien.
- Vanleg arbeidstid for stillinger innan heimehjelp, kjøkken, reinhald, m.a.
Kvalifikasjonar
- Fagutdanna, eller søkjarar under helsefagutdanning blir prioritert
- Det vert kravd gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
- Det er ønskjeleg med grunnleggande IKT-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Tilsetting jamfør kommunalt avtaleverk.
- Løn i tråd med sentral tariffavtale.
- Kommunen har eigen særavtale på løn for sjukepleiar-, vernepleiar og legestudentar.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar Pleie og omsorg, 95052813Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bygland KommuneReferansenr.:4595053264
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.02.2023
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.