Pedagogisk leiar i Beito barnehage
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar i Beito barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Antall stillinger
2
Beito barnehage ligg i vakre omgivnader nær skogen og vatnet i Beito.Vi bruker aktivt naturen rundt barnehagen og legg vekt på å vere mykje ute. Barnehagen vart bygd i 2005 og har funksjonelle, lyse og trivelege lokale med eit godt inneklima. Barnehagen er godkjent for 55 plassar. Visjonen til barnehagen er «Det unike mennesket i fellesskapet». Barnehagen har eit stabilt og godt kvalifisert personale.
Vi har ledig inntil 2 faste stillingar som pedagogisk leiar.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor, glede og vere påliteleg
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf offentleglova §25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Fung.styrar Beito barnehage, +47 99500955Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4779645863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2586532
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
56ab7c0d0f7b4896a1028c8a468036b9