Sjukeheimslege
Herøy kommune, avdeling for legeteneste
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukeheimslege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. januar
Vi søker etter sjukeheimslege i 100 prosents stilling, Om ønskeleg kan det søkast på delar av stillinga.
Herøy kommune har to sjukeheimar:
- ein på Eggesbønes med tre avdelingar
- ein i Myrvåg med to avdelingar, der den eine er korttids- og rehabiliteringsavdeling med kommunale akutt døgnplassar.
Til saman har dei to sjukeheimane 88 plassar. Det er knappe 20 minutt å køyre mellom dei to sjukeheimane. Herøy kommune har vedteke 130 prosents legeressurs for sjukeheimtenesta. For tida er éin fastlege tilsett i 20 prosents stilling og dekker ei av avdelingane.
Som sjukeheimslege har du ordinær arbeidstid med 37,5 timar i veka, men delar av stillinga er fleksibel, slik at det også er rom utanom ordinær arbeidstid til å kunne gi råd til avdelingane.
Sjukeheimslegestillinga høyrer til avdeling for legeteneste. Herøy kommune har tre legesenter, to kommunale og eit privat med tilsaman 11 fastlegar. Alle almennlegestillingane er besette. Det er nyleg tilsett kommuneoverlege som òg er leiar for legetenesta.
Kommunen er tilknytta Søre Sunnmøre legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid om legevakt utanom ordinær arbeidstid. Vårt lokalsjukehus er Volda sjukehus som ligg om lag tre kvarter unna Eggesbønes.
Legar med relevant spesialitet vil bli prioriterte for stillinga, men legar i spesialisering er óg velkomne til å søke på stillinga. Som allmennlege i spesialisering vil det bli organisert rettleiing og bakvaktordning slik at ein kan få inntil to år teljande teneste til spesialiteten i allmennmedisin.
Planen for legetenesta vår kan du lese meir om her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf
Arbeidsoppgåver
- medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkludert kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
- deltaking i undervisning for personalet
- deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar
- deltaking i samhandling med fastlegane og spesialisthelsetenesta
Som sjukeheimslege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med leiar for legevakta. Ved tilfelle med deltidsstilling som sjukeheimslege, kan denne kombinerast med fastlegeavtale/-stilling.
Kvalifikasjonar
- du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i forskrift om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta
- det er ein fordel at du har ei relevant spesialistutdanning
- dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Du skal like å arbeide med dei medisinske utfordringane som vi har i geriatrien.
- Du skal kunne gi deg tid med den einskilde, og du skal kunne samhandle med pasienten sine nærståande.
- Du skal like å arbeide i team med fleire faggrupper.
- Du kommuniserer godt med samarbeidspartnarar, som til dømes spesialisthelstenesta.
- Du er fleksibel og oppteken av utviklingsarbeid.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkarane utifrå kompetanse, intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- konkurransedyktig fastløn etter kvalifikasjonar
- dekking av relevante kurs innanfor vedtekne rammer
- gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- fleksibel arbeidstid
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane
Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, relevant spesialisering og deltaking i samlingar for sjukeheimslegar.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege og avdelingsleiar for legetenesta, +47 47768084Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4896173536
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Jan Magne Remøy
Kommuneoverlege og avdelingsleiar for legetenesta
+47 47768084
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.
«Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2816257
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ca5e7da243754d36954e5a710332bff8