Direktør og assisterande direktør for organisasjons- og strategiavdelinga
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
Stillingstittel
Direktør og assisterande direktør for organisasjons- og strategiavdelinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Om stillinga
Dei to leiarane vil ha ansvar for høgt kvalifiserte og motiverte medarbeidarar, fordelte på kontora våre i Bergen og Leikanger. Avdelinga har 21 tilsette med ansvar for økonomi, personal, innsyn, kommunikasjon, servicesenter og reinhald. Direktøren har hovudansvar for den strategiske utviklinga og samordning av ulike fagområde i embetet.
Direktøren blir ein del av embetet si leiargruppe, og assisterande direktør blir ein del av embetet si utvida leiargruppe.
Kontorstad for begge stillingane er Leikanger. Statsforvaltaren har også kontor i Bergen og Førde, så begge må rekne med ein del reiser.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk utvikling og samordning av embetet, saman med statsforvaltaren og assisterande statsforvaltaren
- Budsjett, lønsfastsetjing og økonomi for heile embetet
- Personalansvar for avdelinga
- Service og drift av kontorstadane i embetet
- Oppfølging og samhandling med Riksrevisjonen, direktorata og dei andre statsforvaltarembeta
- Samarbeide med Statsforvaltaranes fellesadministrasjon (STAF) om å ta i bruk digitale IT-, arkiv- og rådgjevingstenester for å effektivisere arbeidsprosessar
- Ta ansvar for heilskapen i embetet og medverke i leiargruppa til Statsforvaltaren
Strategi- og samordningsansvaret og lønsfastsetjing skal liggje til direktøren. Elles vil dei to kunne fordele arbeidsoppgåvene ut frå kva som er tenleg arbeidsdeling.
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Relevant masterutdanning frå høgskule eller universitet, til dømes innan økonomi og administrasjon eller organisasjon og leiing. For søkjarar utan master, legg vi vekt på leiarerfaring
- Leiarerfaring
- Variert arbeidserfaring
- Høg fagleg og personleg integritet
- God kunnskap om offentleg forvaltning
- Innsikt i økonomi- og budsjettarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformene
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og tilgjengeleg, med evne til å skape tillit både internt og overfor samarbeidspartnarar
- Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og strategisk tenking
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne som leiar
- Evne til effektiv drift og prioritering av arbeidsoppgåver
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
Vilkår:
Brutto årslønn for direktøren er fastsett til kr 1 053 531. Brutto årslønn for assisterande direktør vil bli frå kr 800 000 til kr 900 000, ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av:
- Statsforvaltar Liv Signe Navarsete , e-post liv.signe.navarsete@statsforvalteren.no, tlf. 57643001/91179143
- Assisterande statsforvaltar Gunnar Hæreid, e-post gunnar.haereid@statsforvalteren.no, tlf. 57643002/91180626
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig