Ope utlysing - badevert i Bømlo symjehall
Bømlo kommune er utviklingsorientert, og har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Me byggjer på verdiane raus, modig og engasjert. Bømlo symjehall stod klar i 2018 og er Sunnhordlands mest moderne og flottaste symjehall. Her er 25 m basseng med hoppe/stupetårn, samt opplæringsbasseng. Det er stor aktivitet i Bømlo symjehall med skulebading på dagtid og offentleg bading på ettermiddagstid, i helgar og i feriar. Me har tryggleik, reinhald og kundeservice i fokus
Bømlo symjehall har løpande behov for vikarar i delstillingar/som ringevikar. Send oss gjerne ein open søknad - me vil ta kontakt ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Sørge for tryggleik for dei badande- Service og kundebehandling
- Reinhald og enklare vedlikehald
Kvalifikasjonar
- Du må vera fylt 18 år- Du må føle deg trygg i vatn og gjennomføre kompetanseprøve i samband med livredning i vatn, der du mellom anna må dykke ned til 4 m
- Det må leggjast fram gyldig politiattest ved tilsetjing (jf. opplæringslova § 10-9)
- Ingen krav til formell kompetanse
Personlege eigenskapar
- Me søkjer etter ein lagspelar med god relasjonskompetanse og godt humør- Du er ein som tek ansvar og kan jobba sjølvstendig
- Du må ha evne til å vera tydeleg på ein høfleg og venleg måte
- Interesse for eller erfaring med å vera instruktør er ein fordel, men ikkje eit krav
- Du må ha evne til å være fleksibel, løysingsorientert og trivast med allsidige oppgåver
Me tilbyr
- Løn etter avtale (tariff)- Gjennomgang av kompetanseprøve i vatn kvart ½ år, samt HLR og førstehjelp
- Eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein utviklingsorientert og dynamisk arbeidsplass
- Ein moglegheit til å vera med å leggja til rette for og vidareutvikla eit viktig folkehelsetilbod på Bømlo
Kontaktinformasjon
Elin Steinsbø, 95 24 87 44Arbeidsstad
Idrettsvegen 895430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4481271484
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.