Stomi- og kontinenssjukepleiar
Kirurgisk poliklinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stomi- og kontinenssjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. desember
Vi har ledig 60% fast stilling som stomi- og kontinenssjukepleiar
Helse Førde søkjer ein engasjert og kompetent stomi- og kontinenssjukepleiar. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vere del av eit sterkt fagmiljø og bidra til god omsorg og behandling for pasientar med stomi- og kontinensrelaterte utfordringar. Som tilsett hos oss, får du høve til å påverke og tilpasse eigen arbeidskvardag for å fremje best mogleg pasientoppfølging og fagleg utvikling.
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Det er gode kommunikasjonsmoglegheiter til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar trening eller turar i skog og fjell er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg.
Kirurgisk poliklinikk er slått saman med Ortopedisk poliklinikk, som er ein god arbeidsplass med ulike fagfelt. Fagfelta våre er gastro-, kar-, bryst-, plastikk- og generellkirurgi, ortopedi og skadepoliklinikk. Vi er 16 ansatte, deriblant seksjonsleiar, operasjonssjukepleiar, stomisjukepleiarar og sjukepleiarar.
Arbeidstida vår er frå kl 08:00 - 15:30, med mulighet for noko fleksibel arbeidstid.
Velkommen til Helse Førde.Arbeidsoppgåver
- Rettleie og gi støtte til pasientar med stomi- og kontinensutfordringar
- Følgje opp born og vaksne som skal anlegge eller har anlagt gastrostomiport, med opplæring og støtte til både pasientar, pårørande og hjelpeapparat i kommunehelsetenesta
- Bruke Norse Feedback og sprøjeskjemaet “Tilpassing til livet med stomi” – eit tilbakemeldingsverktøy utvikla i Helse Førde i samarbeid med doktorgradstipendiat og stomi- og kontinenssjukepleiar Kirsten Indrebø. Verktøyet gir pasientane høve til å dele utfordringar, tankar og erfaringar knytt til kvardagslivet med stomi, og gir helsepersonell eit solid grunnlag for å tilpasse oppfølginga og støtte tilpassingsprosessen
- Bidra i utgreiing og behandling av pasientar med obstipasjon, tømmingsvanskar, inkontinens og kvinnehelseplager
- Arbeide tett med pasientar som har plager etter kirurgi i gastrointestinalkanalen
- Rettleie pasientar og pårørande i bruk og stell av utstyr og hjelpemiddel
- Delta i utvikling og implementering av prosedyrar og kvalitetsforbetringar i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning/master i stomi- og kontinensomsorg
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring frå rettleiing og undervisning er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Sjøvstendig og ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Løysingsorientert og endringsvilleg
- Engasjement for arbeidet
- Må trivast i eit travelt og aktivt miljø
- Positiv og samarbeidsvillig
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Høve til å påverke og tilpasse eigen arbeidsdag
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marie Fossheim, Fung. seksjonsleiar, 916 91 932Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888726942
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Marie Fossheim
Fung. seksjonsleiar
916 91 932
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2799457
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a52deed038f407d8f36de786df05166