Fagkonsulent i Gruppebehandlingsteamet DPS poliklinikk Ålesund
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Fagkonsulent
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ei ledig fast stilling som fagkonsulent i vårt gruppebehandlingstilbod ved Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund!
Gruppebehandlingsteamet består av 8 stillingar, der vi har to overlegar, ein psykomotorisk fysioterapeut, ein psykologspesialist, ein sosionom og tre psykiatriske sjukepleiarar. Tilbodet er retta mot pasientar med moderat til alvorleg psykisk liding, med gruppebehandling som metode. Vi har i dag langtidsgrupper og korttidsgrupper. Til dømes Mentaliseringsbaserte grupper, leveregelgrupper, billedterapigrupper, psykodynamiske grupper og ulike psykopedagogiske grupper.
Gruppebehandlingsteamet er ein del av voksenpsykiatrisk poliklinikk i Ålesund som også har fleire team med ulike spissede oppgåver. Vi ønsker å vidareutvikle vårt tilbod i tråd med behova til våre pasientar.
Vi søkjer no etter ein engasjert og kompetent fagkonsulent som vil vere med å bidra med sin kompetanse inn i eit spennande fagmiljø og som ønsker å vere med på å utvikle seg sjølv saman med oss.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Gruppebehandlaransvar/medansvar i poliklinikken sitt aktuelle gruppetilbod
- Moglegheit til poliklinisk/individuell behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Bidra med sin fagkompetanse i teamet og elles i poliklinikken
- Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommunar og innan eigen seksjon
- Delta i vidareutvikling av poliklinikkens faglege gruppetilbod
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
- Klinisk sosionom
- 3- årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid.
- Anna relevant utdanning og erfaring kan òg vurderast
- Utdanning i gruppebehandling eller erfaring med tilnærminga er ønskeleg
- Utdanning i terapiretning og med erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Gode faglege kvalifikasjonar
- Fagleg engasjement
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også gode samarbeidsevner
- Interesse for nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
- Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for faglig utvikling innan ulike terapiretningar
- Opplæring og fadder i starten
- Rettleiing
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergveien 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4846524173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2725148
- Sist endret
6. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
629c09d197e54e4ea4b0f5bb6c462604