Rådgjevar byggjesak
Planavdelinga søkjar etter ny byggjesaksrådgjevar. I den stillinga får du sjansen til å vere sentral både i byggjesakshandsaming men også i oppfylgjing med tilsyn.
I planavdelinga i Bykle kommune får du høve til å arbeide i eit engasjert og sterkt tverrfagleg miljø i relevant saksfelt. I tillegg får du oppleve det gode bygdelivet på toppen av Setesdal!
Vi søkjer deg med solid fagleg røynsle, stå på- humør og positiv vilje til å vere med å styrke laget!
Arbeidsoppgaver
- Sakshandsaming og oppfølging av byggjesaker
- Publikumskontakt - rettleiing av søkjarar og partar i saker etter etter plan- og bygningslova
- Førebuing og deltaking i politiske møte ved behov
- Dispensasjonssaker i regulerte område
- Tilsyn og ulovlegheitsoppfølging – byggjesaker
- Tverrfagleg samarbeid i planavdelinga og med teknisk -drift og eigedom og andre
- Deltaking i andre arbeidsoppgåver, prosjekt eller sakshandsaming som ligg til eininga
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjoner
- 3 år byggfagleg ingeniørutdanning eller annen relevant utdanning frå fagskule/høgskule eller universitet
- God kjennskap til plan- og bygningslova
- Røysle frå kommunal forvaltning / plan - og byggesaksfeltet er sterkt ønskjeleg
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
- God IT- kompetanse
Personlige egenskaper
- Serviceinnstilt
- Må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Uttrykkjer deg lett og godt både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn etter kvalifikasjonar, og etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
- Fleksibel arbeidstid
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Full dekning i barnehage og SFO
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Signe Sollien Haugå, Tjenesteleder, +4748237300, signe.sollien.haugå@bykle.kommune.noArbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 4762292133
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 180 tilsette