Byggesakshandsamar/Fagansvarleg byggesak
Volda kommune, Utvikling
Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Byggesakshandsamar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Vil du bli kollega med våre dyktige og engasjerte folk på utviklingsavdelinga i Volda kommune? Vi har no ledig stilling som byggesakshandsamar der vi kan vere fleksible på oppstartstidspunkt.
Vi opplever høg aktivitet på byggesak. Det er mange prosjekt på gang i kommunen, både i ferdig regulerte område og med pågåande reguleringsprosessar. Byggesak og plan samarbeider tett og du vil medverke i planprosessane i kommunen.
Det er viktig for oss at du har interesse og helst også erfaring frå fagområdet. Viss du har lang relevant erfaring kan det vere aktuelt å få eit større fagleg ansvar (sjå meir under arbeidsoppgåvar lenger ned). Vi er opptatt av høg kvalitet på tenestene våre og vi treng då engasjerte og dyktige tilsette. Det er eit komplisert regelverk vi forvaltar og skal gi rettleiing på til våre innbyggarar.
For andre året på rad hamna Volda kommune topp 3 i verksemdsstyring på den nasjonale Framsiktskonferansen i konkurranse med over 300 andre kommuner. Viss du vil vere med å utvikle Volda vidare kan dette vere sjansen din.
Utviklingsavdelinga har 9 tilsette med ansvar for :
- Handsaming av plan-, bygg- og delesaker
- Overordna samfunnsplanlegging (kommuneplanarbeid)
- Kart- og oppmålingsarbeid
- Klima- og miljøsaker
- Utskriving av eigedomsskatt
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av byggesaker
- Informasjon og rettleiing til privatpersonar og firma
- Handsaming av delesaker
- Tilsyn i samband med byggesaker
- Matrikkelføring
- Seksjonering
- Andre relevante oppgåver ved avdelinga kan også bli tillagt stillinga
Om du har lang relevant erfaring skal du i tillegg:
- gi fagleg støtte til kollega og leiar i avdelinga
- ha ansvar for utviklingsoppgåver samt delta i opplæringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis ingeniør, arkitekt eller jurist. Lang relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- God kjennskap til plan- og bygningslova
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Erfaring frå arbeid i byggebransjen
- Godkjent matrikkelførarkurs
- Erfaring med bruk digitale verktøy, til dømes Microsoft 365
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk
- Utviklingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Løysningsorientert
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar i eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Arbeidstidsordning med fleksitid
- Opplæring/rettleiing/kursing
- Pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Jørgen Vestgarden, avdelingsleiar, 90470915, jorgen.vestgarden@volda.kommune.noTor Halvar Botnen, Kommunalsjef, 90052817, tor.halvar.botnen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4890546280
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2812329
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f4e227389f0c436caa34804bfd8338da