ID 2090 Sjukepleiar/helsesjukepleiar - Førebyggjande tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, helsesjukepleiar, helsesykepleier, sykepleier
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Førebyggjande helsetenester har ansvar for helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste 6-20 år, svangerskaps- og barselomsorg, fysioterapiteneste til born/ungdom, helsestasjon for ungdom, flyktninghelseteneste og smittevern/reisevaksinering. Tenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og gjennom helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid, medverke til ei god folkehelse. Arbeidsstad vert ved i hovudsak ved mottak for einslege mindreårige på Litlabø og noko ved helseparken på Leirvik.
Det er ledig 50% fast stilling for Sjukepleiar til arbeid med einslege mindreårige flyktningar.
Søkjarar kan få 100% fast stilling gjennom ei 50% turnusstilling i anten Knutsaåsen omsorgssenter eller i eining for Habilitering
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid med einslege mindreårige flyktningar
- Fyrstegongsamtalar med ungdommar busett på mottaket
- Oppfylging og samarbeid med relevante samarbeidspartnar på mottak, legetenesta,
- helsestasjon og skulehelsetenesta og andre
- Registrering og anna dokumentasjonsarbeid
- Vaksinasjon
- Støttesamtalar
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsesjukepleiar/ sjukepleiar
- Gjerne relevant vidareutdanning i psykisk helse eller anna likande
- Relevant erfaring vert vektlagt
- Søkjar må beherske norsk, munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må ha førarkort
- Gyldig politiattest
Me ønskjer ein person som:
- Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert
- Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
- Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
Me kan tilby:
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
- Høgt faglig nivå
- Etablert tverrfagleg samarbeid
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2428686
- Sist endret
25. september 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
aba0dbc4-62d9-4965-947d-939d63970160