100% fast stilling som lærar i Lærdal kommune
Lærdal kommune - Borgund oppvekstsenter
Strondi 343, 6888 Borgund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. januar
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les her. Så - har du lyst til å vere kontaktlærar? Har du undervisningskompetanse for 1.-7.klasse? Då kan denne stillinga vere aktuell for deg og du har all grunn til å lesa vidare.
Utdanning/kvalifikasjonar- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7.trinn eller 5.-10.trinn
- Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetting og før tiltreding.
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg på minimum B2 nivå.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Undervisning i klassar
- Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
- Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
- Vera bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme og eit spennande kollegium
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vera tilknytt Borgund oppvekstsenter. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge skulane i kommunen.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkjaLink til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2826755
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3448157_229325_nn