Seksjonsleiar AMK Møre og Romsdal
AMK, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar AMK Møre og Romsdal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønskjer du å leie teamet som sikrar befolkninga rett helsehjelp til rett tid, når sekund og minutta tel?
Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK er nødtelefon - 113, for befolkninga i Møre og Romsdal, det viktigaste kontaktpunktet for rask og riktig akuttmedisinsk hjelp.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Vi har ledig 1 fast 100% stilling som Seksjonsleiar AMK Møre og Romsdal
AMK er eit viktig bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal, og medverkar i dei fleste akutte pasientforløp. AMK støttar alle nivå i helsetenesta, og i samvirke med andre naudetater og redningstenesta, bidrar AMK til eit sterkt akuttmedisinsk hjelpeapparat utanfor sjukehus i Møre og Romsdal. AMK Møre og Romsdal koordinerer Ø-hjelp for ambulansefly i Sør-Noreg. Det skal innføras nye nasjonale, kommunikasjon og IKT-løysningar i AMK-sentralane i åra som kjem. Faget i det akuttmedisinske, kontrollromsarbeidet er i endring. Vi søkjer ein engasjert og erfaren leiar til å ta ansvar for vår Akuttmedisinske kommunikasjonssentral (AMK). Som seksjonsleiar for AMK vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv handtering av nødanrop og koordinering av akuttmedisinsk beredskap.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av AMK-sentralen, inkludert personalansvar, budsjettstyring, og ressursfordeling.
- Sørge for at AMK-sentralen opererer i samsvar med nasjonale retningslinjer og kvalitetskrav.
- Ansvar for opplæring, kompetanseutvikling og rettleiing av tilsette ved AMK-sentralen.
- Utvikling og implementering av forbetringstiltak for å optimalisere drift og pasientsikkerhet.
- Sørge for at teknologisk infrastruktur er oppdatert og fungerer optimalt.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse, akuttmedisin, leiing eller tilsvarande.
- Ønskelig med leiarerfaring, gjerne innanfor akuttmedisin, helsetenester eller liknande.
- Erfaring med krisehandtering og beredskap er ønskelig.
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å jobbe i tverrfaglige team.
- Sterk faglig forståing og engasjement for kvalitetsutvikling innan akuttmedisinsk teneste.
- Teknologisk innsikt og erfaring med relevant utstyr og system.
Personlege eigenskapar
Vi tenkjer at du har best føresetnader til å lykkast i stillinga om du er:
- Strukturert og målretta med evne til å prioritere under press.
- Beslutningsdyktig med gode problemløysningsevner
- Engasjert og motiverande i din leiarstil med merksemd på teamarbeid og medarbeidarutvikling.
- Raus og fleksibel, men samtidig rettferdig og tydeleg
- Opptatt av medverking og har en tillitvekkande kommunikasjonsform
- Profesjonell i den forstand at komplekse situasjonar behandlast med ro og god kvalitet
Arbeid i AMK er forbunde med særleg risiko for å kome i situasjonar der konsekvensane av sine handlingar er stor for tredjepart eller samfunnet som heilskap. Det stillast derfor særlege krav til aktsemd, merksemd, evne til refleksjon og læring.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og meiningsfull stilling i ein av samfunnets viktigaste funksjonar.
- Moglegheit til å påverke og utvikle akuttmedisinske tenester i føretaket/regionen.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
For meir informasjon om stillinga, kontakt noverande seksjonsleiar/avdelingssjef Tore Paulsen
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!Kontaktinformasjon
Tore Paulsen, Seksjonleiar, +47 90085217, Tore.Paulsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4843303772
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2716489
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e366f78bd6804cefb6b7c8b5fdd516e3