Overlege anestesi og smertepoliklinikk
Anestesilegar og smertepoliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege anestesi og smertepoliklinikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon for anestesilegar og smertepoliklinikk ved Ålesund sjukehus søkjer ein erfaren og engasjert overlege til ei fast stilling, ledig frå 1. januar 2024. Stillinga er delt, med 20 % arbeid ved smertepoliklinikken, medan resten av tenesta er knytt til anestesi- og intensivarbeid, samt deltaking i seksjonens vaktlag.
Om oss
Seksjonen har rundt 30 anestesilegar og dekkjer fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9-delt tilstadesvakt i primærsjiktet, der arbeidsoppgåvene omfattar operasjonsavdelinga, dagkirurgi, intensivavdeling, akuttmottak og smertepoliklinikken.
Sjukehuset er omgjeve av eit storslått landskap av fjell og fjordar, perfekt for natur- og friluftsinteresserte. Ålesund, kjend for sin vakre Jugendstilarkitektur, er kåra til Norges vakraste by og har eit rikt kulturtilbod med både nasjonale og internasjonale artistar. Utforsk det fantastiske området vårt med fjordar, øyar og fjell som berre ventar på å bli oppdaga. Les meir på Visit Ålesund og Visit Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for kirurgiske pasientar på intensivavdelinga, inkludert 10 senger og 3 reine intensivplassar.
- Ansvar for intuberte medisinske pasientar på intensivavdelinga.
- Gjennomføring av anestesi ved eit breitt spekter av operasjonar på sentraloperasjonen (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn og ortopedi) samt ein stove for mindre inngrep/undersøkelsar.
- Anestesiarbeid på dagkirurgien for operasjonar innan øye, øre-nase-hals, gynekologi, ortopedi, bløtkirurgi og tannbehandling.
- Administrasjon av anestesi for barn med nedre grense på 3 månader/5 kg.
- Sedasjon/narkose i samband med ECT, MR, CT, røntgenintervensjonar og elektrokonverteringar.
- Deltaking i sjukehusets akutteam: stansteam, MET, traume- og akutt barneteam.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du har gode samarbeidsevne
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4865715750
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774138
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2188d3a7d59047088430e6e3aeb06017