Ferievikarar Habilitering
Eining Habilitering, Sveio kommune
5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar Habilitering
Oppstart
17. juni 2024
Type ansettelse
Annet, deltid 90%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. juni
Eining Habilitering, butiltak psykiskutviklingshemma avd Stemhaugen bueining og Åsvegen/Straumøy bueining søkjer ferievikarar. Er du over 18 år, og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb? Me treng personar som kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide godt med kollegaer. Hos oss kan du få erfaring som du kan ha nytte av i eit seinare arbeidsforhald.
Me treng ferievikarar i perioden veke 25-32. Me har moglegheit for å tilby langvakter og har i tillegg medlevarturnus i ein av bustadane. Om dette er noko du ynskjer, skriv det i søknaden din. Ynskjer du å arbeid på dag/kveld, eller er nattevakt? Skriv i søknaden kva som er best for deg? Ta med i søknaden kva periode du kan arbeid i. Vikariata vil kunne variere i stillingsstørrelse 80 - 100 %. Om du kan ta til i stillinga før veke 25, så er det ein fordel i forhold til god opplæring. Søknadsfristen er 03.06.2023, men tilsetjing skjer fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Brukar bur i eigen leilegheit og har tilbod om gode miljøtenester frå oss. Du fylgjer brukar gjennom dagen og ulike aktiviteter. Brukar kan ha behov for hjelp til personeleg hygiene, matlaging samt reinhald av eigen bustad. Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring. Du må kunna ta imot rettleiing, samt like å ta til deg ny og spanade kunnskap. Ved Straumøy gard, deltek ein også i noko arbeid på garden.
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosial fagleg utdanning
- Relevant arbeidserfaring er ønskjeleg
- Stillingane passar godt til studentar og elevar med helsefaglig bakgrunn, men også andre kan verta vurdert
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med kollegaer
- Du må like å ta i eit tak
- Du likar å få rettleiing
- Du er ansvarfull og likar å gi omsorg til andre mennesker
- Du ser oppgåver som skal gjerast og tar initiativ
- Du liker å være aktiv saman med brukar
- Du er presis og pliktoppfyllande
- Du likar utfordringar, men ber også om hjelp og veileiing når det er naudsynt
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %
Kontaktinformasjon
Camilla Vallestad, avdelingsleiar Stemhaugen bueining, 94814106, camilla.vallestad@sveio.kommune.noPeer Cato Sjursen, Avdelingsleiar Åsvegen bueining & Straumøy gard, 94164806, Peer.Cato.Sjursen@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4800830463
Stillingsprosent: 90%
Sommarjobb
Startdato: 17.06.2024
Søknadsfrist: 03.06.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2623156
- Sist endret
16. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ddd45de48775492ea6f09a769dc6c5ac