Psykologspesialist/Psykolog
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ BUP Åsane, Helse Bergen
Heiane 4B, 5131 Nyborg
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/Psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. november
Ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge - BUP Åsane er det ledig fast stilling som psykologspesialist/psykolog.
BUP Åsane er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar, og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane. Bup Åsane har tyngdepunkt ift spiseforstyrringar. BUP Åsane vil kunne tilby opplæring i metodene TF CBT/ FBT/ CBT E/ Autismeutredningskompetanse mm.
BUP Åsane held til sentralt i Åsane og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 14 000 barn/unge i opptaksområde som består av bydelan Åsane/Arna og Osterøy kommune. Poliklinikken har ca 24 fagstillingar (13 spesialistar) med ulik fagleg bakgrunn som er delt inn i to team.
Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og unge
- Samarbeid med føresette og relevante instansar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Erfaring frå utgreiing og behandlling av psykiske lidningar hos barn/unge/vaksne
- God kjennskap og erfaring med kommunale hjelpeinstansar
- BUP erfaring/ VOP erfaring
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Kommunisere på ein tydeleg måte
- Evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sture Larsen, Seksjonsleiar, 55 97 44 46Arbeidsstad
Heiane 4B5131 Nyborg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4884886766
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Sture Larsen
Seksjonsleiar
55 97 44 46
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790789
- Hentet fra
talentech
- Referanse
998101b7553d418dab84014df9a7ac1a