Lege i spesialisering nevrologi
Org. nr: - Stillingsident: 4386949461 Presentasjon av stillingen:
Nevrologisk avdeling har behov for å styrke LIS-bemanninga med 4 vaktkompetente legar i spesialisering med oppstart 1. september eller etter avtale.
Nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Sengeposten har 16 senger fordelt på 10 nevrologiske og 6 slagpasientar, vi nyttar senger i felles intensiv-eining. I vaktordninga for LIS inngår frå hausten 10 LIS. Det er 6-delt vakt for overlegar.
Vi har klinisk nevrofysiologisk laboratorium og spesialsjukepleiarar innan fleire deler av faget, samt tverrfagleg ryggpoliklinikk. Det føregår klinisk forskning innan fleire fagområde.
Molde byr på gode mogelegheiter for friluftsliv og kulturliv. Ved tilflytting kan sjukehusets utleigebustader like ved sjukehuset nyttast. Ta kontakt med oss ved spørsmål knytt til aktivitetar på avdelinga eller forhold rundt. Velkomen som søkjar!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde her.
Arbeidsoppgåver
- Etter ein introduksjonsperiode utan vakt, inngår du i 10-delt døgnkontinuerlig tilstade-vaktordning.
- Øvrige arbeidsoppgåver er postarbeid, arbeidsoppgåver knytt til Dagposten med elektive spinalpunksjonar, mottak av elektive pasientar, poliklinisk arbeid basert på eit opplegg med "emnepoliklinikk", dager ved tverrfagleg ryggpoiklinikk, mm.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring og interesse for faget nevrologi.
- Søkjar med behov for sideutdanning.
- Søkjar må kunne meistre eit nordisk språk.
- Søkjar må legge ved søknadsblankett for legestillingar.
Ande opplysningar
- Dersom det ikkje er aktuelle søkjarar, vil vi vurdere å tilsette cand.med. som venter på LIS 1-stilling.
Personlege eigenskapar
- Det vert ved tilsetting lagd vekt på gode evner til samarbeid.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Bernd Muller, Overlege nevrologi, Bernd.Muller@helse-mr.no
Rikke Bendixen, Lege i spesialisering, Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4386949461
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2021
Søknadsfrist: 19.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal