Helsefagarbeidar, svangerskapsvikariat
Omtale av stillinga
Vi søkjer helsefagarbeidar i 80 % stilling. Stillinga er knytt til eit svangerskapsvikariat og er ledig frå 01.09.2022.
Stillinga er knytta til turnusarbeid, med arbeid kvar 3. helg.
Heimetenester Sør er lokalisert på Husnestunet. Vi har oppdrag i heimane til eldre og menneske som treng pleie, omsorg og opptrening i ulike livsfasar.
Tenesta er avgrensa geografisk, så vårt ansvarsområde er frå Herøysund til Utåker.
Vi søkjer
- Autorisert helsefagarbeidar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning
- Relevant arbeidserfaring
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.