Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barneskule
Holsundvegen 190, 5642 Holmefjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar ved Ådlandsfjorden barneskule
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Arbeidsstad
Ådlandsfjorden barneskule er ein fådelt skule med 40 elevar frå 1.-7. trinn og SFO-ordning for småtrinnet skuleåret 24/25. Skulen ligg på Holmefjord i Bjørnafjorden kommune. Skulebygget, som var nytt i 1995, ligg ved sjøen i bygda Holmefjord og har lyse og trivelege lokale. Alle undervisningsromma ligg på eitt plan og er knytt opp mot mediateket, som er det sentrale rommet i bygget. I 2018 vart det ferdig nytt påbygg med klasserom, kontor og arbeidsrom for lærarane.
Skulen ligg nær sjøen med kort veg til fjøra. Det er også fine skogsområde i nærleiken som vert nytta til undervisning og til turar. Skulen har eit godt miljø for både elevar og tilsette, og ein arbeidsplass prega av godt humør, engasjement og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av enkeltelevar i gruppe, klasse og på SFO. Andre oppgåver knytt til elevretta arbeid.
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring kan bli vurdert.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.noutdanning-fra-utlandet
- Det vil sei at du må kunne vise til: - «godkjenning av utanlandsk fag-/svennebrev»
- Søkarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert vaksen som:
- vil være med på det gode laget rundt barnet
- bidrar til inkludering og godt læringsmiljø
- er ein trygg, tydeleg og engasjert rollemodell
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- kan jobbe sjølvstendig
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til barn og vaksne
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2792446
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3428823_207791_nn