Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester
Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Stillingstittel
Støttekontakt og avlastar i Tilrettelagte tenester
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. mai
Tilrettelagte tenester i Vang kommune har behov for fleire støttekontaktar og avlastarar. Dette er positive og meiningsfulle roller, fylt med glede og skapar gode relasjoner.
Som støttekontakt er ein oppdragstakar som ikkje er fast ansatt i kommunen, og ein ha ei slik stilling i tillegg til ei fast 100% stilling i kommunen.
Nokre av avtalene som avlastar vert som arbeidstakar i kommunen, og då kjem dette i tillegg til eventuelt anna kommunal arbeidsavtale.
Avtalene er tidsbegrensa.
Arbeidsoppgåver
- Støttekontaktar
Å væra støttekontakt er å væra med unge/vaksne som treng ei støtte til å delta på fysiske og sosiale aktivitetar for å oppretthalde ein vanleg kvardag.
- Avlastarar
Avlastning er stort sett på timar i aktivitet eller i tenesteytar sin heim. Det er stort sett familiar med born som treng denne tenesten.
Kvalifikasjonar
Støttekontaktar
- Me ynskjer personar som er trygge på seg sjølv, sosiale, fleksible, blide og kreative
- Treng både mannlege og kvinnlege støttekontaktar i alderen 20-40 år
- Førarkort klasse B
- Frå snarast og etter avtale med leiar for Tilrettelagte tenester
Avlastar
- Me ynskjer personar som er trygge på seg sjølv, sosiale, fleksible, blide og kreativ
- Trygge og vaksne omsorgspersonar
- Frå snarast og etter avtale med leiar for Tilrettelagte tenester
Personlege eigenskapar
Gyldig politiattest skal leverast før tiltreding i stilling
Vi tilbyr
Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåve
Opplæring og rettleiing
Kontaktinformasjon
Elisabeth Hålien, Leiar Tilrettelagte tenester, 99090013, Elisabeth.halien@vang.kommune.noArbeidsstad
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: 4635699995
Stillingsprosent: 10%
Anna
Søknadsfrist: 31.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2282696
- Sist endret
4. desember 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
015d63d90eb74ae78cbbf75edcb96cbe