Overlege
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Om jobben
Stillingstittel
Overlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker overlege i psykiatri til vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Den ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit stort Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrrelser, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har og ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til utrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider og med Bjørgvin sitt MBT-tilbod som er lokalisert på Knarvik. Her er det altså rikeleg anledning til å kunne fordjupe seg innanfor ulike område av allmennfeltet.
Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit engsjert godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av tilviste pasientar i gruppe og individuelt innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
- Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Fagleg engasjert og nysgjerrig
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
- Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av fagområde allmennpsykiatri
- Eit nytenkande og utviklande fagmiljø
- Lønn i henhald til gjeldande avtalar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hallbjørg Hage, Seksjonsleiar, 55957000Fredrik Hiis Bergh, Klinikkdirektør, 55957000
Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4812112465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2647061
- Sist endret
5. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ea7607b280fd4f6eb73cb34216f2aac9