Har du lyst på ein kjekk sommarjobb?
Voss herad Område vest
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Voss Sjukeheim søkjer ferievikarar
Type ansettelse
Sesong, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?
Då har vi jobben for DEG! På Voss Sjukeheim, på korttid- og langtidsavdelingane er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Då har vi jobben for DEG! På Voss Sjukeheim, på korttid- og langtidsavdelingane er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Me tilbyr
- Ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld, og helg.
- Natt for dei som ynskjer å jobbe på den tida av døgnet.
- E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
- All samhandling skal utførast med respekt og ein skal ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk.
Me søkjer
Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.
- sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
- deg som kunne tenkja seg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid også.
- deg som er 16 år og eldre.
Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
Gyldig politiattest må føreligga ved oppstart.
Søknaden må innehalde opplysningar om:
- Tidsrommet du kan arbeide i perioden juni-august.
- Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.
- Me tek kontakt med søkjarar fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2841919
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3455159_213023_nn