Laboratoriet Stord - fagingeniør hematologi og koagulasjon
Laboratoriet Stord har ledig 100% stilling som fagingeniør hematologi og koagulasjon.
Fagingeniør skal vera ein ressursperson innan fagområdet. Fagansvarleg ingeniør med ansvar for hematologi og koagulasjon har hovduansvar for fagområdet og fagingeniør vil ha delegerte oppgåver og delansvar, samt vera fast stefortreder for fagansvarleg ingeniør. Stillinga som fagingeniør inneber arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Ved intern tilsetjing vil det bli ledig stilling som bioingeniør, det må opplysast i søknad om dette er av interesse.
Laboratoriet Stord er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna, og utfører analysearbeid innan generell kjemi og immunologi og transfusjonsmedisin, i tillegg til døgnkontinuerleg drift, tapping av blodgivarar, blodprøvetaking mm. Det er alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og spennande. Laboratoriet Stord er ein triveleg arbeidsplass med høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø der nye tilsette vert godt ivaretekne.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodbank
- 3-delt turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg
Utføre delegerte oppgåver frå fagansvarleg ingeniør, som vil innebere:
- Ansvar for å medvirke til fleksibel, rasjonell og kvalitetssikra drift av fagområdet
- Delta i beslutningsprosessar ang drift og vedlikehold innan fagområdet
- Verifisering av metodar og utstyr ihht seksjonen sine prosedyrar
- Samarbeide med fagansvarlege på andre laboratorie i Helse Fonna med samme utstyr/rutinar
- Orientere med. fagleg ansvarleg og funksjonsleiar om driftsavvik og kvalitetsavvik
- Ansvar for Medisinsk teknisk utstyr i samarbeid med med.teknisk avdeling
- Opplæring av andre ved nye rutinar eller nytilsetjingar
- Oppfølging av prosedyrar innan fagfeltet.
- Oppfølging av intern og ekstern kvalitetskontroll innan fagfeltet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- For å tiltre som fagingeniør må ein ha erfaring frå arbeid innan laboratoriearbeid som inbefattar medisinsk biokjemi
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement
- Evne til å jobbe stukturert og sjølvstendig
- Leiaregenskapar
- Evne til å ta initiativ
- Strukturert, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
- Må ha høg arbeidsmoral og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, 53491094Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4488649585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.03.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.