Modellutviklar innanfor makroøkonomi
Forskningsavdelingen, Statistisk sentralbyrå
Akersveien 26, 0177 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Modellutviklar innanfor makroøkonomi
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vil du vera med å talfesta korleis norsk økonomi fungerer? Forskinga vår er viktig for samfunnsdebatten og bidreg til å danna grunnlaget for økonomisk politikk i departementa. Ei særleg viktig oppgåve for forskingsavdelinga i SSB er utvikling, vedlikehald og bruk av økonomiske modellar. Modellane blir finansierte i hovudsak av Finansdepartementet og dekkjer fagområda makroøkonomi, offentlege finansar på lang sikt, skatt, arbeidsmarknad, befolkningsframskrivingar og miljøøkonomi. Både modellane og SSBs analysar blir brukte av Regjeringa, sentralforvaltninga og partane i arbeidslivet i deira planleggingsarbeid.
I forskingsavdelinga, gruppe for makroøkonomi, er det ledig ei fast stilling som modellutviklar. Stillinga inneber mellom anna å modernisera infrastrukturen som ligg til grunn for makromodellane. Mykje av dagens infrastruktur skal over på eit nytt programmeringsspråk, heriblant koplinga mellom nasjonalrekneskapen og dei makroøkonomiske modellane. Stillinga vil òg knytast opp til aktuelle analyseprosjekt.
Hos oss får du vera med å
- vidareutvikla dei makroøkonomiske modellane
- fremskaffe best mogleg datagrunnlag for modellane, heriblant opparbeida djup innsikt i nasjonalrekneskapen
- analyser av makroøkonomiske problemstillingar
Kva kompetanse er nødvendig?
- Fullført mastergrad innan relevant program.
- Dokumentert høg kompetanse i makroøkonomi.
- Erfaring med programmering (til dømes Python, Matlab og EViews).
- Interesse for empiri og tekniske sider ved modellbasert forsking.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk.
Kven er du?
- Du har gode analytiske evne.
- Du er målretta og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
- Du har god gjennomføringsevne.
- Du kommuniserer og samarbeider godt med andre.
Kvifor skal du velja oss?
Hos oss vil du vere ein del av eit godt fagleg miljø med moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskapsrik organisasjon, med meiningsfulle og spanande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn som fyrstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar (1408/1434/1364) i lønsspenn frå kr. 532 200 til 777 900 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
- Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
- Aktive velferds- og idrettsforeiningar, med idrettsaktivitetar som fotball, innebandy og løping.
- Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka, med treningsrom i kontorlokalane.
Verdt å merke seg før du søkjer:
- Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Me ber søkjarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar for tilsetjing.
- Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
- Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
- Me oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkyssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
- Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Kontaktinformasjon
Thomas Von Brasch, Forskningsleder, +47 93898524, thomas.vonbrasch@ssb.noArbeidssted
Akersveien 260177 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statistisk sentralbyråReferansenr.: 4849247379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statistisk sentralbyrå - tal som fortel
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forsking og analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlag for det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder.
SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motiverte medarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2729766
- Sist endret
28. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d1c6f3dda3db4168b6bb36df6a5918e1